Tina er ny kundekonsulent i Sognenett
Tina Dahl Jacobsen starta på nyåret i jobben som ny kundekonsulent i Sognenett.
Kombinasjonen av friluftslivsmoglegheiter og ein spennande og relevant arbeidskvardag var det som skulle til for å lokka Tina Dahl Jacobsen til å søkja. Bergensaren trakk det lengste strået av nesten 30 søkjarar, og tok til i jobben som ny kundekonsulent i Sognenett like over nyttår.
– Inntrykket er bra så langt, både av Sognenett og Sogndal. Eg har blitt tatt svært godt imot, seier ho.
Teknologi, kundehjelp og topptur
23-åringen frå Ytre Sandviken i Bergen har bachelorgrad innan digital infrastruktur og cybersikkerheit, som ho tok ved NTNU på Gjøvik. I Sognenett får ho jobba i skjeringspunktet mellom teknologi og og mennesker.
– Eg synest stillingsbeskrivinga var spennande. Det at ein kan kombinera kundeservice med det tekniske, passa veldig godt for meg. Eg får brukt det tekniske eg har lært gjennom studia, og eg er veldig glad i å hjelpa folk, seier ho.
Tina har bachelorgrad i digital infrastruktur og cybersikkerhet og beskriv seg sjølv som ein relativt sosial person.
I tillegg til ein spennande arbeidskvardag legg ikkje bergensaren skjul på at det var eit stort pluss å få moglegheita til å flytta til Sogndal og Sogn. Ho likar å bruka fritida ute i naturen, og då finst det vel knapt nokon betre stad å bu.
– Eg er spesielt glad i toppturar på ski, og dei siste åra har eg òg blitt veldig glad i klatring. Då passar dette bra for meg. Ikkje minst er det positivt at alt er så nært og lett tilgjengeleg her i området, seier ho.
Best i test på kundeservice – og fast breiband
Som kundekonsulent blir Tina ein del av eit selskap der «kunden først»-mentaliteten er sterk. Sognenett har fleire gonger vunne prisar for sin kundeservice – seinast i 2025. I år, som i fjor, fekk Sognenett òg ei utmerking for breiband, og vart kåra til landets beste faste breiband – denne gongen saman med bransjenabo Enivest.
Beviset: Sognenett er best i test på fast breiband, saman med Enivest.
- Det er sjølvsagt spanande å få jobba stad som har eit sopass tydeleg fokus på kvalitet og leveranse. Eg trur eg har mykje å læra, og ser fram til å bidra med det eg kan frå før, avsluttar ho.