Best i Noreg på internett - igjen!

Teknisk montør Ove Uglum og lærling dataelektronikar Adam Selseng johansen i Sognenett kan glise ekstra breidt; I år som i fjor kan Sognenett jubla over tittelen best i test på fast breiband!

For andre året på rad stikk Sognenett av med tittelen Best i test på fast breiband, i år delt med bransjenabo Enivest. Analysen frå nPerf byggjer på reelle testar frå rundt 10 000 kundar over heile landet og gir eit bilete av korleis nettet faktisk blir opplevd i kvardagen. Med eit stabilt og raskt nettverk og eit kundesenter som set kundane først, er Sognenett igjen heilt i toppen og plasserer seg framfor store aktørar som Altibox, Global Connect og Telenor.

I årets rapport deler Sognenett førsteplassen nasjonalt på fast breiband og utmerkar seg særleg på responstid, WiFi-oppleving og nettsurfing.

Lågast forseinking i landet

Eit av dei mest tydelege funna i nPerf-rapporten er at Sognenett leverer den lågaste responstida (latency) av alle leverandørar i testen, med eit snitt på berre 8,3 millisekund.

Låg latency er avgjerande for ei god oppleving i kvardagen. Dette gjeld særleg for videomøte, heimekontor, nettspel og andre sanntidstenester der stabil og rask respons er viktig.

– Dette viser at det me gjer i det daglege arbeidet faktisk betyr noko for kundane. Låg responstid og stabilitet kjem ikkje av seg sjølv, det er resultat av mange små, riktige val over tid, seier teknisk montør Ove Uglum.

Best på vanleg nettbruk

Når det gjeld heilt vanleg bruk av nettet, som nettsurfing og daglege digitale tenester, kjem Sognenett best ut av alle leverandørane i undersøkinga. Rapporten viser at Sognenett har den beste nettlesaropplevinga i Noreg i 2025, målt etter lastetid og respons.

Dette betyr rask tilgang til nettsider og ei jamn, stabil oppleving, også når mange er på nett samtidig.

Toppresultat på strøyming

Målingane frå nPerf viser at Sognenett leverer svært god kvalitet også på strøyming. I årets rapport deler selskapet førsteplassen på videostrøyming med fleire av dei største aktørane i marknaden.

For kundane betyr dette ei jamn og stabil oppleving når dei strøymer TV, sport, film og video, også i periodar med høg bruk.

Sognenett har vunne fleire prisar både for breiband og god kundeservice - målet er alltid ei optimal brukaroppleving for kunden.

God WiFi-oppleving i kvardagen

Rapporten peikar òg på WiFi som eit område der Sognenett kjem svært godt ut. Kundane opplever både høg fart, stabil tilkopling og låg responstid på trådlaust nett, noko som er avgjerande i ein kvardag der stadig fleire einingar er kopla på samtidig.

Målingane viser mellom anna:

  • låg responstid på WiFi

  • god nettlesaroppleving

  • høg opplastings- og nedlastingsfart

– Det er ekstra kjekt å vite at jobben me gjer ute hos kundane gir målbare resultat. God WiFi-oppleving startar ofte med god installasjon, fortel Adam Selseng, lærling dataelektronikar.

Sidan WiFi er det nettet dei fleste brukar mest i det daglege, seier dette mykje om den faktiske opplevinga kundane sit igjen med.

Stabil kvalitet – også i rushtida

nPerf-rapporten byggjer på testar gjennom heile døgnet, både i rolege periodar og i rushtida på ettermiddagen og kvelden. Resultata viser at Sognenett leverer jamn kvalitet også når belastninga på nettet er høg.

Dette gir kundane ei meir føreseieleg nettkvardag, uavhengig av tidspunkt på døgnet.

– Dette er ei stadfesting på det me jobbar med kvar dag, å levere stabilt, raskt og påliteleg internett til folk der dei bur, seier Ove Uglum.

Bygd for folk og næringsliv i regionen

Resultata frå nPerf stadfestar det mange kundar i regionen allereie opplever: Sognenett leverer eit raskt, stabilt og framtidsretta nett, bygd for både heimar, næringsliv og offentlege verksemder.

– Når me satsar langsiktig på kvalitet, lokal drift og robuste løysingar, gir det resultat, også i konkurranse med dei største aktørane i landet, seier Uglum.

PR: Prestasjonsrate. Dette er prosentdelen, frå 0 % til 100 %, som viser prestasjonsnivået for nettlesing og videostrøyming.
Rangeringa er basert på testar utførte på nPerf.com-nettstaden og partnarsider i perioden frå 01.01.2025 til 31.12.2025.
Rangeringa er basert på talet på nPerf-poeng. Andre verdiar vert oppgjevne for informasjonsføremål.

Du kan lese heile rapporten her:

Neste
Neste

Mi side - Alt du treng på ein stad