DriftsmeldingAr

Sognenett AS Sognenett AS

Faktura oktober - Telia kundar

Det har dessverre oppstått ein systemfeil ved faktureringa for oktober. Feilen gjeld kundar med Internett og Telia Play, der avslag for pakkepris (kr 188,-) ikkje er blitt trekt frå totalsummen.

Feilen vert retta slik at fakturaen for november vil innehalde korrekt avslag.
For kundar som manglar avslag i oktober, vil dette automatisk kome med på neste faktura.
I november vil du difor få registrert dobbelt avslag.

Me beklagar dei ulempene dette kan medføre.

Har du spørsmål, ta gjerne kontakt på post@sognenett.no

Les mer
Hilde Østbø Hilde Østbø

Driftsmelding: Ny samla faktura for internett og TV

Har du fått ei høgare faktura enn vanleg frå oss?

Frå og med 1. juli har me slått saman fakturaen for internett og Telia TV. Du får no ei samla faktura frå Sognenett, og ikkje lenger eiga faktura frå Telia for TV-tenestene dine.

Totalprisen er den same som før, men no kjem alt samla på ein faktura.

Les mer