Samarbeid og sponsing

Sognenett har i fleire år jobba med å bygge opp eit breitt og framtidsretta fibernett i Sogn. I samråd med satsinga ynskjer Sognenett å gje noko tilbake gjennom lokalt samarbeid og sponsorengasjement som utviklar positive relasjonar og synlegheit i samråd med vår profil og merkevare. Samarbeid om leveranse av våre produkt og tenester er særleg interessant.


Søknad om støtte

Søknad om støtte eller sponsoravtale sendast skriftleg til:

  • sponsor@sognenett.no
  • Sognenett AS v/Marknadssleiar, Postboks 345, 6852 Sogndal

Stikkord for kva ein bør hugse å ta med i søknaden:

  • Opplysningar om søkjar som til dømes aldersgruppe, tal medlemmar og føremål.
  • Opplysningar om prosjekt/arrangement/gruppe.
  • Beløp eller teneste (t.d. gåver) det vert søkt om.
  • Forslag til motyting. Korleis tenker ein å gjere kjent at Sognenett har bidrege med sponsormidlar eller anna støtte?
  • Kontaktinformasjon.

Kva slags formål er prioritert?

Frivillig engasjement og dugnadsvilje
Barn og ungdom
Idrett og kultur
Sosialt engasjement, miljø og samfunnsansvar

Kva slags formål vert ikkje prioriert?

Politiske og religiøse organisasjonar
Enkeltpersonar