Privatvilkår

Abonnementsvilkår for breibandtenester over fibernettet for privatkundar.
Gjeldande frå 01.11.2023.

  • Avtaleforholdet (heretter omtalt som «Avtalen» eller «Abonnementet») består av følgjande dokument:

    • Bestillingsskjema/ordrestadfesting/kontrakt som nærare definerer tenestene m.m,
    • Særskilde standardvilkår for dei ulike tenestene,
    • Desse generelle abonnementsvilkåra til Sognenett AS

    Dersom desse dokumenta strid mot kvarandre, gjeld dei med prioritert etter nemnde rekkefølgje. For å få tilgang til tilleggstenester er det ein føresetnad at Kunden abonnerer på grunnproduktet. Dette kjem fram på dei ulike abonnementsvilkåra, samt informasjon på www.sognenett.no.

    Avtalepartar er Sognenett og den Kunden som har inngått Avtalen (enkeltvis omtalt som «Part» eller «Parten», og samla omtalt som «Partane»). Kunden har ansvaret for å betale rettidig for dei tenester, inkl. evt. tilleggstenester, som Sognenett leverer (vidare omtalt som «tenestene/tenester»). Partane skal for øvrig overhalde Avtalen sine øvrige vilkår og forpliktingar.

    Etablering og/eller utbygging av breibandstilknyting kan skje enten i regi av Sognenett, eller i samarbeid med Sognenett sine samarbeidspartnarar, og/eller lokalt nettselskap (heretter omtalt som «Tiltakshavar»). I dei tilfella utbygginga skjer i samarbeid med lokalt nettselskap, innehar nettselskapet eigarskapet til den fysiske infrastrukturen.

  • Sognenett har rett til å endre abonnementsvilkåra, samt foreta justering av pris for tenestene Sognenett tilbyr . Slike endringar vil typisk førekome dersom det førekjem auka prisar frå Sognenett sine leverandørar.

    Ved gjennomføring av endringar som ikkje er av uvesentleg betydning for Kunden, skal Kunden varslast minimum ein månad før endringa trer i kraft, sjå også punkt 8.

    Ved vesentlege endringar til ugunst for Kunden, har Kunden rett til å avslutte Avtalen med verknad frå dei nye vilkåra trer i kraft, med mindre endringane skuldast offentlegrettslege reguleringar/pålegg eller force majeure. Slik oppseiing må sendast skriftleg til Sognenett innan 14 dagar etter motteke varsel om endring. Kunden har ved oppseiing av Avtalen krav på å få refundert ein forholdsmessig del av førehandsbetalte avgifter dersom endringa gjennomførast innanfor Kunden si bindingstid.

  • Kunden kan ikkje overdra Avtalen/Abonnementet til andre utan skriftleg samtykke frå Sognenett. Nekting av overdraging til andre myndige personar i same husstand krev sakleg grunngjeving.

    Ved overdraging er (tidlegare) Kunde ansvarleg for kostnadar som påløper iht. Avtalen fram til ny Kunde overtek. Den som skal overta Avtalen/Abonnementet skal kontakta Sognenett og informere om kva slags tenester som er ynskja levert, samt sørgje for å oppgje korrekt kundeinformasjon. Kostnadar for overføring vert fakturert til ny Kunde etter dei til ein kvar tid gjeldande satsar.

    Sognenett har rett til å overdra Avtalen, eller deler av dette til ein anna juridisk eining, med føresetnad om at den som ervervar Avtalen oppfyller lovbestemte krav til å drive den aktuelle type verksemd.

  • Ved bestilling av Avtale/Abonnement kan Kunden, føresett at Kunden er forbrukar og tenesta er selt utanfor Sognenett sin faste forretningsstad (ved aktivt telefonsal, dørsal eller via internett), gå frå Avtalen utan å oppgje nokon grunn innan 14 dagar etter at Sognenett har oppfylt opplysningsplikta si i samsvar med angrerettloven. Dersom Sognenett ikkje oppfyller opplysningsplikta, t.d. unnlét å overlevere det obligatoriske angrefristskjema seinast ved levering av tenesta, iht. til angrerettloven § 8 første ledd bokstav h, utvidast fristen til 12 – tolv – månader rekna frå inngåing av Avtalen. Kunden må gje melding til Sognenett dersom angreretten skal nyttast.

    Dersom angreretten nyttast må Kunden betale dei direkte kostnader ved returnering av eventuelle mottekne varer, jf. angrerettloven § 25, andre avsnitt.

    Dersom Kunden har sendt meldinga innan fristens utløp er fristen overhalde. Dersom vilkåra for angrerett for øvrig er oppfylt, skal Sognenett då tilbakeføre alle faktiske kostnadar som er belasta Kunden. Dersom tenesta er kjøpt utanfor Sognenett sin faste forretningsstad, og Partane avtalar at tenesta skal starte før angrefristens utløp, skal Sognenett sine utgifter tilknytt oppstart og installasjon dekkjast av Kunden.

    Ved levering av digitalt innhald der Kunden får umiddelbar tilgang til bestilt teneste (t.d. oppgradering av hastigheit, kjøp av TV-kanalar osv.), erkjenner Kunden at angrerett har gått tapt, jf. angrerettloven § 22 bokstav n.

  • Kunden skal generelt nytte tenesta innanfor det som følgjer av norsk lov, og skal ikkje spreie lovstridig innhald. Brot på vilkåra/norsk lov blir sett på som misleghald av avtalen med Sognenett, og kan medføra stenging , jf. pkt. 16.

    Kunden har ansvaret for at alt utstyr som Kunden knyt til telenettet tilfredsstiller dei krav telemyndigheitene har satt og er typegodkjent. Kunden skal sjølv sørgje for å etablere sikkerheitstiltak mot uønskt trafikk (virus, spam m.v.).

    Tenesta skal berre nyttast av Kunden privat, inkludert denne sin familie/husstand. Omgrepet husstand omfattar ikkje næringsverksemd/kommersielle aktivitetar. Det er ikkje tillate å setja opp eigen server. Kunden kan berre etablere nettverk innanfor eigen husstand.

    Kunden skal berre nytte utstyret iht. rettleiing-/installasjonsmanualar. Kunden har ansvar for at det ikkje vert gjort fysiske inngrep i utstyret (t.d. løsnast/flyttast). Tap eller skade på utstyr skal straks varslast Sognenett. Kunden er sjølv ansvarleg for å ha forsikring som dekkjer mogleg skade av utstyr som etablert i regi av Sognenett.

    Kunden er ansvarleg for eige tap, skade, feil eller manglar som skuldast andre sin bruk av internett, medrekna Kundens tap av data og tredjemenns forsøk på å få tilgang til Kundens data. Kunden må sjølv sørgje for vern av sine data.

    Sognenett kan ikkje haldast ansvarleg dersom tenestene eller installasjonen av utstyr for å nytte Sognenett sine tenestene utsetjast for unormal bruk, misbruk eller bruk som er i strid med anbefalingar/¬ retningslinjer/pålegg gjeve av Sognenett eller offentlege instansar. Sognenett ber heller ikkje risikoen for endringar, modifikasjonar, samankopling med anna utstyr, vedlikehald eller liknande som Kunden føretek og som ikkje er skriftleg godkjent av Sognenett.

    Kunden kan ikkje selja, overlata, leige ut, pantsetje, eller på anna måte overdra eller låne ut tenestene eller utstyret utan Sognenett sin skriftelege godkjenning.

    Der anna ikkje er skriftleg avtalt, skal leigd/utlånt utstyr som er Sognenett sin eigendom returnerast ved opphøyr av Avtalen. Manglande retur av utstyr, eller øydelagd utstyr, vil medføra at Kunden vil bli fakturert eit erstatningsgebyr tilsvarande salspris for utstyret .

  • Kunden er sjølv ansvarleg for at tenester som leverast med personlege kodar, medrekna passord og PIN-koder, ikkje vert misbrukt. Kunden bør endre oppsette koder til personlege koder straks den aktuelle tenesta vert teke i bruk. Kunden pliktar å betale for alle varer og tenester som bestillast eller stadfestast med eller utan personlege kodar. Kodar skal oppbevarast på forsvarleg vis slik at uvedkommande ikkje får tilgang til dei.

    Sognenett fører logg over trafikk på linja, iht. forskrift til personopplysningsloven. Opplysningane kan berre nyttast til lov- og forskriftsbestemte formål.

  • Sognenett gis rett til å innhente og registrere naudsynt informasjon om Kunden frå offentlege kjelder og kredittopplysningsforetak. Formålet med innsamling av informasjon er å kunne levere den tenesta som Kunden har bestilt. Dersom Kunden ikkje er tilstrekkeleg kredittverdig kan Sognenett avslå levering. Gjenpart av kredittvurdering sendast Kunden. Opplysningane innhentast, nyttast, lagrast og slettast i samsvar med personopplysningsloven.

    Opplysningane vil berre bli utlevert til andre i den utstrekning det er naudsynt for å gjennomføre forpliktingane i Avtalen (t.d. ved bruk av innleigd montør) eller dersom Sognenett for øvrig har ein rettsleg forplikting til dette. Kunden har rett til å krevje innsyn i opplysningane etter personopplysningsloven § 18, og har vidare rett til å krevje retting dersom opplysningane er uriktige eller ufullstendige, jf. personopplysningsloven § 27 og § 28. Den behandlingsansvarlege etter loven er Sognenett.

  • Prisar for tenestene består normalt av etableringsavgift, samt løpande månadsavgift. Pris for levering av tenester kjem fram i Sognenett sine til ein kvar tid gjeldande prisliste, som er tilgjengeleg på www.sognenett.no.

    Sognenett har rett til å endre prisane til ein kvar tid, sjå og pkt. 2. Med unntak for endringar som følgje av offentlege skattar og avgifter vil prisendring normalt ikkje gjennomførast i avtalt bindingstid. Dersom Sognenett gjennomfører ein betydeleg prisendring medan Kunden er i bindingstid, kan Kunden sei opp Avtalen etter standard oppseiingsvilkår. Med unntak for konsumprisjusteringar og prisendringar som skuldast endringar i offentlege skattar og avgifter skal Kunden varslast direkte om prisendringar som er tilikkje er av uvesentleg betydning for Kunden, jf. pkt. 2.

    Endringar av prisen som følgje av programendringar skal ikkje betraktast vesentlege endringar til ugunst for Kunden Informasjon om slike endringar skal finne stad samstundes med informasjon om programvalet.

    Tenester som det er inngått avtale på i ein kampanjeperiode med kampanjepris, vil dersom ikkje anna er avtalt, justerast tilbake til rettleiande pris når bindingstida går ut. Rettleiande pris er den som gjeld når bindingstida går ut.

    Sognenett fakturerar forskotsvis kvar månad, dersom ikkje anna er avtalt. Forbruk fakturerast på etterskot. Betalingsfrist er angitt på fakturaen. Administrasjonsgebyr med til ein kvar tids gjeldande sats vert belasta på kvar papirfaktura. Dersom Kunden vel eFaktura, EHF og faktura på e-post fell gebyret bort.

    Kunden skal snarast mogleg reklamere dersom han meiner det er feil ved fakturaen. Reklamasjon skal leverast skriftleg, gjerne via kontaktskjema på www.sognenett.no.

    Sognenett kan varsle Kunden ved bruk av oppgitt e-post eller SMS til oppgitt mobilnummer. Det er Kundens ansvar at desse opplysningane til ein kvar tid er korrekt. Sognenett betraktar personleg informasjon som namn, adresse og telefonnummer som konfidensielle opplysningar. Opplysningane blir brukt til å betene Kunden for å sende ut viktig informasjon til deg som gjeld kundeforholdet. Opplysningane kan også bli nytta av tredjepart ved innfordring av ubetalt faktura. Kunden kan be om kopi av sine personlege opplysningar og få desse korrigert i Sognenett sin database.

    Dersom du har avtalt med Sognenett at du sjølv skal grave eller førebu deg på annan måte på eigen eigedom, er du pliktig til å ferdigstille gravinga eller førebuingane innan gitt tidsfrist. Dersom graving eller annan førebuing ikkje er utført innan fristen går ut, må du dekke våre kostnader om vi får jobben utført.

    Dersom Sognenett på bakgrunn av di bestilling har grave fram til din eigedom, men eigen graving eller førebuing ikkje har skjedd, slik at Tenesta ikkje kan bli levert , blir dette rekna som ei avbestilling. Du vil då bli fakturert for vår kostand for gravearbeidet som er utført. Sjå punkt 20.4 for gebyr.

    Gebyr for avbestilling, graving og anna framgår av https://www.sognenett.no/prisar-og-vilkr Ved inngåing av Avtalen gjeld gebyra i punkt 20.4.

  • Dersom ikkje anna følgjer av Avtalen er alt utstyr som Sognenett plasserer hjå Kunden Sognenett sin eigedom. Utstyr som Kunden leiger vil gjenbrukast, slik at Kunden kan motta brukt utstyr frå Sognenett.

    Ved behov har Sognenett rett til å oppgradere utstyret for Sognenett sin rekning. Kunden plikter å gi Sognenett naudsynt tilgang til utstyret. Sognenett er ikkje ansvarleg for eventuelle øvrige kostnadar ein slik oppgradering medfører for Kunden, som t.d. at Kunden må bytte til anna utstyr tilknytt nettet. Sognenett har ikkje ansvar for utstyr som ikkje er levert av Sognenett.

    Med mindre anna er avtalt har Kunden full rettsleg og faktisk disposisjonsrett over kabelføringa til eige/disponibelt hus på si side av grensesnittet. Med grensesnitt meinast koblingspunktet mellom Sognenett sitt nett og Kunden sitt nett. Viss ikkje anna er særskilt avtalt, gjeld mediaconverter/evt. modem som grensesnitt.

    Ein part har rett og plikt til å utføre forskriftsbestemte, naudsynte endringar på si side av grensesnittet, sjølv om den andre Part då må tilpasse, endre eller skifte ut eksisterande utstyr. I så fall skal denne Part varslast i rimeleg tid før igangsetting av slike endringar. Ved utføring av endringar i nettet, plikter Parten å sørgje for at desse ikkje påfører den andre Part sitt nett skade eller vesentlege forstyrringar.

  • 10.1. Hastigheit og programsignal

    Effektiv hastigheit i nettet vil kunne vere noko lågare enn sagt i Avtalen, særleg i periodar med stor belastning. Dersom det, i særlege område innan dekningsområdet, syner seg å vere gjentekne problem med å oppnå den angjevne hastigheita, vil Sognenett vurdere å foreta naudsynte oppgraderingar for å avhjelpe desse problema.

    Tekniske forhold i nettet kan vidare medføre at det ikkje er mogleg å levere den maksimale hastigheita som tenesta er føresett å skulle ha. For å sikre at Kunden får ein stabil og påliteleg teneste, forbeheld difor Sognenett seg retten til å redusere hastigheita, innanfor hastigheitsintervallet for tenesta som Kunden har bestilt. Dersom det ikkje er mogleg å levere innanfor dette hastigheitsintervallet, men det er mogleg å levere ei teneste med eit lågare hastigheitsintervall, vil Kunden få tilbod om dette.

    Overføringshastigheita som går vidare ut på Internett (overføringskapasitet på vegen frå Kunden til ekstern server, som då angår Kunden sitt eige utstyr, besøkt nettstads- eller tenesteleverandørs server eller tal samtidige brukarar mot same server) er utanfor Sognenett sin kontroll og det må her påreknast lågare hastigheit. Sognenett har ikkje ansvar for dette.

    Sognenett kan ikkje levere betre bilde- og lydkvalitet på kringkastingsprogram enn det som følger av kvaliteten på mottatte signaler frå programselskapa, og ber følgeleg ikkje ansvaret ved svikt i dette.

    Effektiv hastigheit er definert som hastigheit levert til fysisk veggkontakt/modem/heimesentral hjå kunde, føresett korrekt kabla tilknyting til kunden sitt sluttbrukarutstyr.

    Ytinga på trådlaus kommunikasjon mellom heimesentral og sluttbrukarutstyr er avhengig av ei rekkje forhold utanfor Sognenett sin kontroll (avstand mellom trådlaus eining og sluttbrukarutstyr, fysiske hindringar og bygningsmessige konstruksjonar, signalstøy frå andre tekniske einingar eller trådlause nettverk i nærleiken, trådlaus protokoll og kapasitet på sluttbrukarutstyr m.m.).

    10.2. Endringar av tenester

    Dei innhaldstenester Sognenett leverer, er i sin heilheit basert på avtalar Sognenett har inngått/inngår med underleverandørar. Vilkår knytt til endringar, bestillingar eller avbestillingar av tenester er regulert i desse avtalane, og kan få direkte betydning for Kunden.

    Sognenett har rett til å gjere endringar i innhaldstilbod og skifte underleverandørar. Til dømes kan TV-leverandør bytast ut. Endringar kan utførast sjølv om Kunden er i bindingstid. Ved endringar av tenestene plikter Kunden å betale dei til ein kvar tid gjeldande abonnementsprisar for underleverandøren som leverer tenesta.

    Sognenett har rett til å leggje ned eit tenestetilbod. Ved slik nedlegging av tenestetilbod, skal Kunde varslast 2 – to – månader før nedlegging skjer.

    10.3. Feilretting, vedlikehald og anna planlagt arbeid i nettet

    Sognenett har rett til å verksetje tiltak som kan medføre avbrot, forstyrringar eller endringar i signalleveransen, når dette vert sett på som naudsynt av tekniske, driftsmessige eller vedlikehaldsmessige årsaker, utan at dette er å betrakte som misleghald. Sognenett skal tilstrebe å varsle om slike tiltak i god tid før dei gjennomførast.

    10.4. Straumtilkopling

    Teknisk utstyr er avhengige av kontinuerleg straumtilførsel hjå Kunden. Ved straumbrot vil soleis verken TV- eller breibandstilkoplinga virke.

  • Dersom Kunden skal flytte og ynskjer å fortsetje kundeforholdet hjå Sognenett, må melding om flytting skje minimum 5 – fem – veker før flytting skal skje.

    Årsaka til at flytting skal meldast minimum 5 veker før flytting, er at Sognenett mellom anna skal ha anledning til å kartleggje moglegheiter for dekning til ny bustad, og gjennom dette også sjå på eventuelle alternative aksessformer. Dersom Kunden ikkje gjev varsel om flytting innanfor den angjevne frist, kan ikkje Sognenett kunne garantere oppkopling til ny bustad innanfor ynskja leveringsdato. Dette føreset også at Sognenett kan levere teneste til ny bustad.

    Ved flytting må Kunden sjølv betale flyttegebyr og eventuelle ekstrakostnadar grunna flyttinga iht. ein kvar tid gjeldande prisliste.

    Kunden skal ikkje sjølv demontere fastmontert utstyr frå bustaden som det skal flyttast frå utan at det er gitt særskilt løyve til dette frå Sognenett.

  • Tiltakshavar får vederlagsfri rett til naudsynt framføring av luft- eller jordkabel over Kunden sin eigedom frå tomtegrense og fram til tilknytingspunktet. Dersom Kunden ikkje eig eigedomen har Kunden ansvaret for å skaffe dei nødvendige rettar til slik framføring. Tiltakshavar har også rett til å kople andre kundar til nettet som går over Kunden sin eigedom, men dersom dette vil valde vesentleg skade eller ulempe for Kunden, har Kunden krav på rimeleg kompensasjon. Dersom einigheit ikkje vert oppnådd om kompensasjonen sin storleik, avgjerast denne ved rettsleg skjønn.

    Tiltakshavar sine nemnde rettar gjeld sjølv om levering av tenestene frå Sognenett til Kunden opphøyrer, uansett årsak. For seinare inspeksjon, vedlikehald og eventuelt reparasjon av anlegget skal Tiltakshavar ha vederlagsfri rett til nødvendig tilkomst over eigedomen. Kunden plikter å medverke til at det ikkje vert lagt hindringar i vegen for framføring, service og vedlikehald av Tiltakshavar sitt kabelnett på Kunden sin eigedom.

    Trase for framføring av kablar skal skje i samråd med Kunden, og være til minst mogleg skade og ulempe for Kunden. Arbeidet inkluderer ikkje legging av brustein, asfaltering, legging av ny betong og liknande, med mindre arbeida i hovudsak gjeld framføring til andre kundar enn Kunden sjølv. Slike arbeider må evt. prisast og avtalast særskilt.

    Over kabeltrasear kan det ikkje verksetjast bygging, graving eller andre terrengforandringar utan skriftleg løyve frå Tiltakshavar. Samtykke kan ikkje nektast utan sakleg grunn. Dersom eigaren har planar som gjeld dei nemnte forhold, må Tiltakshaver varslast før arbeidet set i gang, slik at nødvendige tiltak kan treffast. Eventuelle meirutgifter eller forseinkingar inkl. kostnadar ved ein eventuell flytting av røyrtraseen, skal dekkjast av Kunden. Dersom Kunden har behov for å flytte nettet har Kunden rett til å krevje at Tiltakshavar skal føreta flytting for Kunden si rekning. Det takast atterhald om det er teknisk mogleg å gjennomføre slik flytting/fjerning.

    Tiltakshavar har for eigen rekning rett til å flytte anlegget på Kundens eigendom dersom Tiltakshavar har behov for dette, etter same prinsipp som i føregåande avsnitt.

    Kunden skal informere Sognenett om skadar på breibandnettet.

    Kunden har plikt til å syte for at ved sal av Kunden sin eigedom, vert kjøpar før salet orientert om Tiltakshavar sine rettar. Gjer han ikkje det, og dette fører til eit økonomisk tap for Sognenett eller tiltakshavar, kan han haldast erstatningsansvarleg for dette tapet.

    Kunden er elles ansvarleg for det eventuelle tap Tiltakshavar og/eller Sognenett lid dersom pliktane ikkje ivaretas.

    Tiltakshavar har rett til å tinglyse dette punktet om framføringsrett, inkl. avtalte vilkår, på Kunden sin eigedom for eigen kostnad. Kunden pliktar å medverke til dette.

  • Dersom Kunden vil påberope seg feil eller mangel ved tenesta, skal dette meldast til Sognenett. Før Kunden melder feil må Kunden undersøke om feilen skuldast Kundens eige utstyr, her under kablar, veggkontakt og straumtilførsel, sjå og pkt. 14.

    Kunden misser retten til å gjere ein feil eller mangel gjeldande dersom Kunden ikkje gjev Sognenett melding om forholdet innan rimeleg tid etter at Kunden har oppdaga eller burde ha oppdaga feilen/mangelen. Ein reklamasjon skal leverast skriftleg, gjerne via kontaktskjema på www.sognenett.no.

  • Sognenett yter service og feilretting innanfor dei til ein kvar tid gjeldande opningstider. Feil meldast til Sognenett sitt kundesenter på telefon 95 19 22 22, eventuelt via kontaktskjema på www.sognenett.no.. Dersom Kunden melder om feil som ikkje høyrer inn under Sognenett sine ansvarsområde og Kunden burde forstått dette, vil Sognenett fakturere Kunden for dei kostnadane som er påført Sognenett i samband med feilsøkinga.

    Service og oppgradering av utstyr må berre utførast av Sognenett eller av autorisert reparatør godkjend av Sognenett. Ved servicebesøk er Sognenett ikkje ansvarleg for tapt arbeidsforteneste, andre tap eller kostnadar for Kunden.

    Dersom feil eller manglar skuldast skadar eller feilbruk som Kunden bærer ansvaret for, (t.d. Kunden sitt nett, Kunden sin eigen skadevalding, skade førårsaka av tredjemenn hjå Kunden), ytre påverknad, svikt eller feil ved straumforsyning, lynnedslag eller andre forhold utanfor Sognenett sin kontroll har Sognenett rett til å krevje gebyr for servicen, samt eventuell erstatning iht. punkt 16.

    Feil ved Kundens internkabling utover dette er Kundens ansvar. Dette gjeld også kostnadar som kjem til ved feil med Kundens interne spreienett, kabla eller trådlaust.

  • 15.1. Generelt

    Det representerer eit misleghald dersom leveransen ikkje er i samsvar med det som er avtalt, og årsaka er forhold Sognenett etter Avtalen må bære risikoen for .

    15.2. Prisavslag

    Ved feil eller manglar ved tenesta som ikkje vert retta innan rimeleg tid kan Kunden krevje høvesvis prisavslag iht. alminnelege kontraktsrettslege reglar.

    15.3. Erstatning

    Kunden kan for øvrig krevje erstatning for sitt direkte økonomiske tap som skuldast misleghaldet, med mindre Sognenett godtgjer at mangelen skuldast hindring utanfor Sognenett sin kontroll, som Sognenett ikkje med rimelegheit kunne ventast å ha teke i betraktning ved avtaleinngåinga , eller å unngå eller overvinne følgjane av.

    Med direkte tap meinast dei dokumenterte meirutgifter Kunden er påført som følgje av misleghaldet, likevel med dei ansvarsavgrensingar som framgår nedanfor.

    Sognenett sitt erstatningsansvar er under eit kvar omstende avgrensa oppad til kr 2 000,- for kvart skadetilfelle, med mindre forholdet skuldast grov aktløyse eller forsett frå Sognenett.

    Sognenett sitt erstatningsansvar omfattar ikkje indirekte tap. Som indirekte tap reknast mellom anna:

    • tap som følgje av minska eller tapt produksjon eller omsetnad (driftsavbrot).
    • tap som følgje av at tenesta ikkje kan nyttiggjerast som føresett (avsavn).
    • tapt forteneste som følgje av at ein kontrakt med tredjemann fell bort eller ikkje vert oppfylt
    • tap som følgje av øydelagde eller forringa data.

    Samtalekostnadar i samband med feilmelding/feilsøking dekkast ikkje.

    15.4. Heving

    Ved vesentleg misleghald frå Sognenett si side kan Kunden med augeblikkeleg verknad skriftleg heve Avtalen, og krevje erstatta det direkte tap Kunden lid etter prinsipp ovanfor, likevel med same ansvarsavgrensing som nemnd i ovanfor.

  • 16.1. Generelt

    Manglande/forseinka betaling for leverte tenester eller brot på bruksvilkåra for tenestene, utgjer eit misleghald av Avtalen .

    16.2. Forseinka betaling

    Viss betaling for leverte tenester ikkje er motteke umiddelbart etter betalingsfrist som angitt på faktura, kan Sognenett stengje for Kunden sin bruk av tenestene. Stenging skjer etter forutgåande skriftleg varsel.

    Ved forseinka betaling vil Kunden bli belasta med purregebyr og forseinkingsrenter. Rettmessig stenging av tenestene, som nemnd i avsnittet over, inneber ikkje fritak for betalingsplikt etter at tenesta er stengt, verken ovanfor Sognenett eller andre tenesteleverandørar i nettet.

    Dersom Kunden si tilknyting har blitt stengt som følgje av Kunden sitt betalingsmisleghald, vil Sognenett gjenopne tilknytinga når uteståande krav med renter og gebyr er innbetalt. Ved gjenopning belastast Kunden eit gebyr etter til ein kvar tids gjeldande sats.

    Ved 2 – to – ubetalte fakturaer på månadsavgift kan Sognenett seie opp kundeforholdet utan ytterlegare varsel, og krevje at utlevert utstyr vert returnert, såframt Kunden ikkje er i bindingstid med Sognenett.

    Ved eventuelt ynskje om nye tenester frå Sognenett på eit seinare tidspunkt blir dette vurdert som eit nysalg med dertil kredittvurdering.

    16.3. Andre grunnar som gir Sognenett rett til stenging

    Ved alvorlege eller gjentatte brot på Avtalen kan Sognenett stenge for Kunden sine tenester. Sognenett kan alltid stenge Kundens tilknyting dersom Kunden:

    • har oppgitt mangelfull eller ukorrekt kundeinformasjon,
    • nyttar utstyr som ikkje tilfredsstiller dei krava som til ei kvar tid er bestemt av myndigheita, eller som ikkje tilfredsstiller krav med heimel i lov om elektronisk kommunikasjon,
    • opptrer i strid med gjeldande lovgiving eller offentleg rettslege regler for teleteneste,
    • grovt misbruker tenestene, her under nyttar tenestene til sjikane, og ved
    • oppsetting av egen server, eller ved utsending av spam, virus, worms og liknande

    Før Sognenett iverksett stenging etter denne bestemminga, skal Kunden, om mogleg, varslast skriftleg og gis anledning til å forklare seg. Varselet skal opplyse om årsak og fastsetje ein frist for å rette opp forholdet.

    Viss omsyn til tryggleik og/eller funksjonalitet i nettet, viktige samfunnsomsyn eller omsyn til tredjemanns vern krev det, kan Sognenett likevel midlertidig stenge Kunden sin tilknyting utan førehandsvarsel, inntil forholda tillét nyopning. Kunden skal i slike tilfelle straks varslast om stenginga, jf. sjå og pkt. 17.

    Når vilkåra for stenging av ein teneste er oppfylt på grunn av Kunden sitt eige forhold eller noko han ber risikoen for, kan Sognenett stenge alle tenester når Kunden har fleire kundeforhold.

    16.4. Erstatning

    Kunden pliktar på objektivt grunnlag å erstatte til Sognenett det utstyr som er skada, modifisert, mista eller stjåle. Kunden er objektivt ansvarleg for tap av og skader på utstyr i leigeperioden inntil det er mottatt tilbakelevert hjå Sognenett. Kunden sitt erstatningsansvar for tap/skade på utstyr blir fastsett på bakgrunn av de kostnader Sognenett har med å skaffe nytt utstyr.

    16.5. Heving

    Ved vesentleg mislighald av Avtalen kan Sognenett med éin gong skriftleg heve Avtalen, og krevje erstatning for det direkte tap Sognenett lid på grunn av misleghaldet.

  • Ingen Part er ansvarleg for mislighald eller anna brot på avtalen når dette skuldast ei hindring utanfor Parten sin kontroll som han ikkje med rimelegheit kunne ventast å ha teke i betraktning på avtaletida eller å unngå eller overvinne følgjene av.

    Slik ansvarsfriheit gjeld så lengje hindringa er til stades. Fell hindringa vekk, kan ansvar gjerast gjeldande dersom Parten då pliktar å oppfylle, men ikkje gjer dette.

    Under ein ekstraordinær situasjon som hindrar eller vanskeleggjer Sognenett si levering, slik som ved alvorlege trugslar mot helse, miljø og sikkerheit, naturkatastrofar, krig eller krigsliknande tilstandar, omfattande streik, lockout, ved alvorleg fare for sabotasje mot nett eller tenester, eller offentlege pålegg om stenging av sendingar som følgje av nemnde forhold, har Sognenett rett til å gjennomføre avbrot eller avgrensingar i tenesta . Sognenett kan ikkje haldast ansvarleg for slike avbrot eller avgrensingar.

  • Viss ikkje annet er avtalt, gjeld 12 månaders bindingstid. Denne reknast frå den dato leveransen har starta og som går fram av faktura.

    Avtalen blir forlenga automatisk inntil den seiast opp av ein av Partane. Avtalen kan, etter bindingstida, gjensidig seiast opp skriftleg og munnleg med 1 – ein – månads varsel frå den parten som vil seie opp avtalen, rekna frå dagen oppseiinga blir motteken av den andre parten.

    Dersom Kunden ynskjer å gå frå Avtalen innanfor bindingstida kan dette skje skriftleg og Sognenett belastar Kunden med avbrotsgebyr etter gjeldande satsar på oppseiingstidspunktet, som opplyst på Sognenett sine kundesider.

    Ved oppseiing av Sognenett på grunn av betalingsmisleghald frå Kunden visast det til punkt 16.1.

    Ved nedlegging/opphøyr av tenestetilbodet, t.d. ved konkurs eller oppløysing, skal Sognenett varsle kundar som blir råka seinast 2 – to – månader før iverksetting.

    Ved oppseiing har Sognenett rett til å slette alle data lagra av Kunden på Sognenett sitt utstyr utan varsel. Kunden blir gjort særskilt merksam på at Ved oppseiing av Avtalen, vert linja stengd også for andre leverandørar og tredjemenn i nettet. Kunden må difor sjølv syte for oppseiing av eventuelle andre tenester/produkt i nettet.

    Det gis ingen refusjon for etableringsavgift, vederlag for installasjon og levering av utstyr eller andre avgifter og gebyr ved oppseiing.

  • Tvistar mellom Sognenett og Kunde skal ein forsøke å løyse minneleg. Dersom ein ikkje kjem til ei løysning kan Partane einast om at saka vert handsama av Brukerklagenemnda (BKN). I andre tilfelle skal tvisten løysast etter norsk rett med Sogn og Fjordane tingrett som avtalt verneting.

  • 20.1. E-post

    Maksimal lagringsplass i kunden sin e-postkasse, samt maksimal størrelse på e-post/vedlegg er spesifisert på www.sognenett.no. Kunden er sjølv ansvarleg for å slette gamle e-postmeldingar for å sikre ledig kapasitet. All e-post som blir sendt til kunden etter at kapasitetsgrensa er nådd, blir returnert avsendar med informasjon om kvifor e-posten ikkje vart levert. Sognenett tek atterhald om retten til å nekte, eventuelt fjerne, e-postadresser som er sjenerande eller støytande.

    Massedistribusjon av e-post til et stort antall mottakarar samtidig kan bli oppfatta som spam - og derav bli blokkert av mottakserver. Det gis ingen leveringsgaranti for slik type bruk av e-post-tenesta.

    Etter oppseiing ligg e-post adressa i karantene 3- tre månader før den kan tildelast nye kundar. Viss kunden ynskjer å behalde e-postadressa etter oppseiing vil e-post abonnementet bli belasta kunden med til ei kvar tid gjeldande satsar.

    Det ytes berre support til bruk av webmail. Oppsett av e-post i tredjeparts programvare, pc. etc. er kundens eige ansvar.

    20.2. TV-tenester – programval – bortfall av program

    Kunden har ikkje lov til å gjere dei sendingar som mottas frå Sognenett/Get tilgjengelege for allmenta, eller overføre dei utanfor eigen husstand. Dette omfattar også ved utleigeverksemd i husstanden. Brot på dette punkt blir sett på som vesentleg mislighald av avtalen.

    Fastsetjing og endring av avtalte kringkastings programmer skal skje i samsvar med den til ein kvar tid gjeldande lovgiving. Endring i programtilbodet som følge av programval, skjer med varsel via infokanal, www.sognenett.no, www.get.no, faktura, e-post eller brev. Ved bortfall av program, som ikkje skuldast gjennomført programval, kan Sognenett/Get sette inn et nytt program. Ved val av erstatningsprogram skal det leggast betydeleg vekt på kva fjernsynssendingar Kundane prioriterer. Sognenett har også rett til å legge vekt på andre forhold, så som de priser og vilkår programleverandørane tilbyr, programkvalitet, teknisk standard og liknande. Endringane skal varslast Kunden direkte. Dersom Kunden har betalt særskilt vederlag for det program som faller bort, og det ikkje blir satt inn noko erstatningsprogram, har Kunden rett til et tilsvarande prisavslag. Prisavslaget reknast frå bortfallsdag for programmet. Dersom erstatningsprogrammet har eit høgare særskilt vederlag enn det bortfallet programmet, kan Sognenett krevje prisdifferansen dekka etter ein månads skrifteleg varsling om endringa, så sant denne ikkje inneberer ein vesentleg auke av prisen på grunnpakken.

    20.3. Digital-TV

    For å få tilgang til Digital-TV er det ein føresetnad at Kunden har utstyr for dekoding, samt abonnerer på grunnproduktet som er påkravd. Dette kjem fram på de ulike Avtalene, samt informasjon på www.sognenett.no.

    Kunden leiger normalt eige utstyr for dekoding, samt programkortet for tilgang til tenestene. Dersom Kunden kjøper utstyr for dekoding av Sognenett vil forbrukerkjøpslova gjelde, så lengje Kunden er forbrukar. Sognenett har ikkje ansvar for eventuelt tap av lagra innhald hjå Kundar med opptaksdekodar. Eventuelle opptak blir heller ikkje overført til ny dekodar ved eventuelt bytte ved feil på dekodar, samt ved eigarskifte av dekodar.

    Kunden kan berre bruke utstyret til private, ikkje-kommersielle formål innanfor husstanden.

    Ved Pay Per View er Kunden pliktig til å betale for bestilt teneste, sjølv om sendinga (film, sport eller liknande) faller bort, med mindre bortfallet skuldast Sognenett.

    Programkortet med tilhøyrande PIN-kode gir Kunden tilgang til Tenesta. Kunden kan berre nytte programkortet saman med det utstyr som er registrert på Kunden.

    Ved tap eller skade på programkort som Skuldast Kunden, belastast Kunden eit gebyr for nytt programkort slik det står på www.sognenett.no. Årsavgifta blir belasta Kunden i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande satsar, og dekker programkort administrasjon, etablering/vedlikehald av dekodaren og oppdatering av Elektronisk Program Guide (EPG). Programkortet oppdaterast når innbetaling av vederlag og årsavgift er registrert hos Sognenett. For oppdatering må utstyret være slått på og programkortet satt inn.

    20.4 Digital TV - Vilkår

    a) For levering av TV gjeld dei til ei kvar tid gjeldande vilkåra til Telia eller annan signalleverandør.

    b) Ved vesentleg misleghald av Avtalen eller andre avtalar med Sognenett frå di side, kan Sognenett la vere å oppdatere programkort.

    20.5 Gebyr

    Sjå oversikt over gebyr her.

Bedriftsvilkår

Abonnementsvilkår for Sognenett sine bedriftskundar
Gjeldande frå 01.01.2020.

  • I det fylgjande er uttrykket «Kunde» meint den fysiske eller juridiske eining/person som har teikna abonnement hjå Sognenett. «Brukar» er ein fysisk eining/person som anten er identisk med Kunden eller som Kunden har late få tilgang til abonnementet. Kunden er ansvarleg for alle brukarar og at desse etterlev avtalevilkåra. Tenesta levert av Sognenett tilhøyrer Kunden og kan ikkje overdragast utan skriftleg godkjenning av Sognenett. Kunden har ikkje rett til å vidareselje Internett Aksess til tredje person.

  • Desse generelle vilkåra gjeld for avtalen som er teikna mellom Sognenett og Kunden om tenesta spesifisert i kontrakta frå Sognenett. Gjennom tenesta får Kunden tilgang til Sognenett via ein fast oppkopla forbinding frå Kundens tilknytingsadresse til ein ruter som er tilknytt Sognenett sitt IP-nett. Tenestas bandbreidde blir angjeve i ordrestadfestinga og kontrakta. I tenesta inngår, i tillegg til abonnementet, kundeplassert utstyr som er angjeve i avtala. Tenesta leverast i overeinstemming med den tekniske spesifikasjonen som gjeld til einkvar tid. Avtala omfattar ikkje leveranse av lokalnett. Einkvar avtale om tenester levert av Sognenett skal inngåast skriftleg.

  • Avhengig av telenettets utbygging kan tenesta i visse deler av Sogn og Fjordane fylke ikkje leverast til angitt pris med dei tekniske ytingar som er angitt i den tekniske spesifikasjonen. For å finne ut om det er tilfelle, må det gjerast ei teknisk utgreiing. Sognenett skal innan fire veker etter at avtalen er underteikna underrette Kunden dersom leveranse ikkje kan skje. Dersom leveranse ikkje kan skje på grunn av omstende som ikkje skildrast i første avsnitt, kan Sognenett dersom Kunden ynskjer det leggje fram eit kostnadsoverslag for ei alternativ løysing. Dersom Kunden ikkje godtek Sognenett sitt kostnadsoverslag og partane ikkje kan bli einige om alternativ løysning, gjeld ikkje avtalen lenger, og den eine part har ikkje rett til nokon erstatning frå den annen part i samanheng med at avtala ikkje lenger gjeld.

  • Avtalen: Sognenett og Kundens avtale om teneste frå Sognenett (bestillingsskjema / ordrestadfestinga) Teneste: Den teneste som Sognenett skal levere til Kunden, går fram av avtalen/kontrakten Teknisk spesifikasjon: Framstilling av tenestas innhald og tekniske løysningar Kundeplassert utstyr: Utstyr som er plassert hos Kunden, men er eigd av Sognenett. Kundeplassert utstyr er angitt i avtalen som f.eks. ruter. Lokalnett: Kundens lokale nettverk, dvs. nettverk som kjem etter det kundeplasserte utstyret frå Sognenett. Dette kan typisk være nettverket som forbind pc-ar med kvarandre i kundens lokale.

  • Om ikkje anna er avtalt, er avtaletida for avtala satt til 3 år. Dersom ikkje avtala er sagt opp innan 3 månadar før utløp av bindingstid, vil avtala automatisk verte forlenga med 1 år. Ved forlenging av avtaleperiode (utover bindingstid) gjeld gjensidig oppseiingstid på 3 månadar. Oppseiing må leverast skriftleg. Avtalte priser skal kvart år 01. juni justerast med endringar i SSB sin konsumprisindeks frå føregåande år. Om ikkje anna er avtala er gjensidig oppseiingstid 3 måndadar.

  • Kunden skal velje ut og namngje til Sognenett ein kontaktperson som må ha mynde til å treffe avgjersler som er bindande for Kunden og ta i mot informasjon frå Sognenett innanfor ramma for avtalen. Eventuell utskifting av kontaktperson skal meddelast skriftleg.

  • Sognenett tildeler Kunden IP-adresser etter Kundens ynskjer. Sognenett tek atterhald om retten til å endre tildelte IP-adresser og innføre restriksjonar med omsyn til tildeling og bruk av IP-adresser i overeinsstemming med dei direktiv som utstedes av Rèseaux IP Europèens (RIPE). Slike endringar eller restriksjonar skal gjerast kjent for Kunden. Når avtalen sluttar å gjelde skal tildelte IP-adresser returnerast til Sognenett. Kundens IPadresser og eventuelle Autonome system (AS) som ikkje er tildelt av Sognenett må godkjennast av Sognenett før de kan nyttast. Sognenett syt for ruting av trafikk til og frå dei IP-adresser som er tildelt og/eller godkjent av Sognenett.

  • Sognenett atterheld seg retten til å endre tekniske systemløysningar for tenesta. Ein slik endring skal ikkje føre til at den tekniske ytinga og funksjonalitet i tenesta forringast. Endringsarbeidet skal utførast under omsyn til Kundens behov og på ein slik måte at eventuelle forstyrringar er minst mogeleg. Om ikkje anna er spesifisert i ordre eller teknisk spesifikasjon, inneheld ikkje tenesta brannmur eller tilsvarande. Sognenett tilrår at kunden skaffar seg denne type sikring.

  • Sognenett syt for oppkopling, installasjon og konfigurering av forbindinga til Internett, og til kundeplassert utstyr. Legging av tilkoplingsleidningar og anna arbeid i Kundens husvære eller lokale inngår ikkje i tenesta. Kunden syt for at koplinga mot Sognenett sitt utstyr tilfredsstiller dei tekniske krav som er angitt i den tekniske spesifikasjonen. Grensesnittet er eit LAN-grensesnitt. Kunden tek på seg etter Sognenett si tilvising å gjere klar dei lokale kva kundeplassert utstyr skal installerast og syte for elektrisk tilkopling, straum og klimaforhold. Sognenett skal gjevast tilgang til lokala i den utstrekning det krevst for at Sognenett skal kunne fullføre installasjonen og gjennomføre fleire tiltak i samband med avtalen.

  • Sognenett har rett til å utføre nødvendige avbrot, forstyrringar og endringar av leveransen som reknast for naudsyne av tekniske, vedlikehaldsmessige, eller driftsmessige omsyn. Kunden skal varslast skriftleg på førehand om tidspunkt for, og årsak til restriksjonen. Ved naudsituasjonar, herunder Force Majeure, alvorlege truslar mot helse, tryggleik og/eller miljø, naturkatastrofar, krig eller krigsliknande tilstandar, omfattande streikar og lockout, og alvorleg fare for sabotasje mot nett og tenester, har Sognenett rett til å gjennomføre følgjande tiltak;

    • Avbrot i tenesta

    • Avgrensingar av tenestefasilitetar

    • Avvike frå avtale om oppetidsgaranti

    Sognenett er utan ansvar for tap som kunde måtte bli påført som følgje av nemnte tiltak. Om oppfølginga av vesentlege delar av avtala er forhindra utover tre månadar på bakgrunn av omstende som nemnt ovanfor, har kvar av partane rett til å seie opp avtala skriftleg med umiddelbar verknad.

  • Alt kundeplassert utstyr er Sognenett sin eigedom. Kunden tek ansvar for skade på eller tap av kundeplassert utstyr frå det tidspunkt det overleverast til Kunden på den tilknytingsadresse som er angitt i avtalen. Erstatningsansvaret gjeld også Sognenett sine kostnader til demontering, reparasjon, installasjon og liknande. Dette gjeld ikkje dersom skadeårsaka er Sognenett si skuld. I forbrukarforhold kan erstatninga kun gjerast gjeldande dersom tapet eller skada skuldast forhold som kunden har ansvar for.

  • Direkte tap: Ovanfor kunde er Sognenett ansvarleg for direkte tap som skuldast manglar ved tenesta. Dette gjeld likevel ikkje dersom Sognenett godtgjer at mangelen skuldast forhold utanfor Sognenett sin kontroll, og som Sognenett ikkje rimelegvis kunne rekne seg til på førehand eller overvinne følgjene av. Ovanfor næringsdrivande er Sognenett bare ansvarleg for direkte tap som skuldast grov aktløyse frå Sognenett si side. Med direkte tap meinast nødvendige og dokumenterte meirutgifter som kunden er påført som følgje av mangelen.

    Indirekte tap: Sognenett er ikkje ansvarleg for indirekte tap som følgje av manglar. Som indirekte tap reknast;

    • Tap som følgje av minska eller bortfall av produksjon eller omsetjing (driftsavbrot).

    • Tap som følgje av at tenesta ikkje kan nyttiggjerast som venta.

    • Tapt forteneste som følgje av at ein kontrakt med tredjemann fell bort eller ikkje blir riktig oppfylt, men

    bare der kunden utan rimeleg grunn lar være å foreta dekningskjøp eller treffe andre tiltak for å unngå

    eller minske tapet.

    • Tap som følgje av skade på anna enn deler av salet sjølv og gjenstandar som brukast til framstilling av eller som har nær og direkte samanheng med rekna bruk og Sognenett sitt samla ansvar.

    Sognenett sitt erstatningsansvar er til einkvar tid avgrensa oppover til kr. 15.000,- for det enkelte skadetilfelle eller kjede av skade tilfeller med same årsak. Ansvarsavgrensinga gjeld ikkje dersom Sognenett har utvist grov aktløyse. Krav på erstatning må fremjast innan rimeleg tid etter at skaden er oppdaga eller burde vore oppdaga.

    Dersom kunden på eige initiativ set i verk tiltak ovanfor tredjepart for å rette manglar utover det som måtte vere avtalt med Sognenett, er ikkje Sognenett ansvarleg for å dekkje utgifter til slik retting.

  • Feilmelding kan sendast døgnet rundt til Sognenett si kundeteneste: kundesenter@sognenett.no

    I tenesta inngår feilretting på kundeplassert utstyr i vanlig arbeidstid.

    (virkedagar 08:00 – 16:00): 95 19 22 22

    Kunden pliktar å reklamere til Sognenett innan rimeleg tid etter at kunden har oppdaga eller burde oppdaga feil

    eller manglar ved tenesta. Før feil meldast til Sognenett bør kunden undersøkje om feilen skuldast kundens eige

    utstyr. Sognenett kan krevje dekkja omkostingar forbunde med Sognenetts feilsøking dersom kunden melder om feil som ligg utanfor Sognenetts ansvarsområde og kunden burde ha forstått dette. Den faktiske oppnådde bandbreidda og kvaliteten er avhengig bl.a. av kapasitet og belastning på Internett. Sognenett kan difor berre svare for bandbreidde og kvalitet i tenesta, dvs. frå og med kundeplassert ruter til og med den aksess-ruter som er tilknytt Sognenett sitt nett.

  • Tenesta må berre knytast til utstyr som oppfylgjer standardane IEEE 802.3 K avsnitt 14 eller IEEE 802.5

    Kunden skal, når Sognenett ber om det, skaffe informasjon om dette utstyr Kunden har tilknytt og som

    Sognenett reknar som nødvendig for å kunne oppfylle sine forpliktingar ovanfor Kunden og ovanfor Sognenett

    sine andre Kundar

  • Tvistar mellom Sognenett og Kunde skal ein forsøke å løyse minneleg. I andre tilfelle skal tvisten løysast etter norsk rett med Sogn og Fjordane tingrett som avtalt verneting.