Opningstider i påska 2018

 Foto: Mats Knutsen

Ynskjer alle våre kundar ei retteleg god påske!

Dersom du opplever problem med nettet utanfor våre opningstidar, kan du legga att beskjed på telefonsvarar. Vakthavande sjekkar desse så langt det let seg gjere. 

Me er tilbake med normale opningstider frå og med tysdag 3. april. 

Foto: Mats Knutsen

Opningstider i romjula

Ynskjer alle våre kundar ei retteleg god jul og eit godt nytt år!

I romjula held kundesenteret vårt opent som normalt, med unntak av heilagdagane.

Vakttenesta vår passar elles på nettet i heile romjula og sjekkar innkommande meldingar så langt det let seg gjere. Ring 9519 2222 og legg att beskjed på telefonsvarar dersom du er utan nett.

Me er tilbake med normale opningstider frå og med tysdag 2. januar. 

Nyheit! HBO Nordic no også på Get-boksen!

Ventetida er endeleg over! Måndag 17. juli kan du sjå premieren på sesong 7 av Game of Thrones frå HBO Nordic.

No finn du også dei største seriane frå HBO Nordic på Get-boksen under Get filmleige/Play, og fleire seriar leggjast til fortløpande i tida framover. Heile HBO Nordic-biblioteket kan du også sjå kvar du vil i heile Noreg med dei nye Get TV-appane for Apple TV, nettbrett og mobil. Kos deg med dei beste seriane i sommar!

Vel det du vil med Min Get-appen

No kan du endre TV-tilbodet ditt direkte på mobilen! Last ned Min Get-appen og vel TV-kanalane, serie- og filmtenestene som passar for deg og få tilgang med ein gong. I tillegg kan du også sjå siste faktura frå Get.

Opningstider i påska 2017

Ynskjer alle våre kundar ei retteleg god påske!

Dersom du opplever problem med nettet utanfor våre opningstidar, kan du legga att beskjed på telefonsvarar. Vakthavande sjekkar desse så langt det let seg gjere. 

Me er tilbake med normale opningstider frå og med tysdag 3. april. 

Falske konkurransar, spørjeundersøkingar og «support» i vårt namn

Det kjem stadig nye og meir kreative svindelforsøk på nett, med alt frå utrulege tilbod til ulike konkurransar. 

Nokre at våre kundar har nyleg fått opp pop-up melding/førespurnader om å delta i konkurranse eller spørjeundersøking for å vinne eit produkt. Sognenett sitt namn har vorte brukt i samband med nokon av desse svindelforsøka, men det er ikkje Sognenett som står bak. I nokre høve kan det vere at du har installert eit program på datamaskinen din som gjer at du får opp slike førespurnader.

Me har også fått tilbakemelding om at enkelte kundar har vorte ringt frå ukjend nummer der vedkommande på engelsk har introdusert seg som ein konsulent frå sikkerheitsavdeling og bedt om å få tilgang til din datamaskin. Når våre konsulentar tek kontakt med kundar vil me alltid introdusere oss med eige namn og synleg telefonnummer. Telefonnummer som me nytter er også alltid registrert på Sognenett.

Mange av desse svindelforsøka kan vere lett å kjenne igjen grunna

  • dårleg språk
  • urealistiske premiar
  • falsk nettstad eller Facebook-side
  • krav om å legga att kort- eller personnummer
  • ukjende eller utanlandske telefonnummer

Me oppmodar om at ein alltid er skeptisk til å gi kredittkortopplysningar og anna personleg informasjon på nett eller over telefon. Sognenett har ikkje aktivitetar kor me ber om ditt kredittkortnummer og/eller personnummer. 

Dersom du har delteke i ein slik konkurranse og oppgjeve kredittkortinformasjon, oppfordrar me deg til å ta kontakt med banken din. 

Har du fått opp tilfeldige førespurnader om å bli med på spørjeundersøkingar?

Denne artikkelen kan då vere nyttig lesing: https://malwaretips.com/blogs/survey-com-annualsurvey-info-removal/

Me gjer merksam på at me ikkje kan garantere innhald på eksterne nettstadar. Vis forsiktigheit når du installerer noko nytt på datamaskinen din dersom du er usikker.

 


 

 

Døme på falsk konkurranse (skjermdump frå januar 2017)