Gaming: fiber vs. 5G

Korleis få den optimale gamingopplevinga?

For å unngå variabel latenstid og sikre ein meir konsekvent speloppleving, rådar me alle som gamer til å bruke kabla tilkoplingar på fiber framfor trådlause (wifi).

I ei verd der ein rask og stabil internettforbindelse er avgjerande for den ultimate speleopplevinga, står valet mellom trådlaust og kabla internett sentralt. For alle som ynskjer å oppnå dei beste vilkåra for sine digitale eventyr, tilrår me sterkt bruk av kabla internett over fiberkabel. Dette valet handlar ikkje berre om hastigheit; det handlar òg om pålitelegheit og konsistens i tilkoplinga, som er kritisk i spelesamanheng der kvar millisekund kan utgjere forskjellen mellom siger og tap.


Gaming på trådlause aksessteknologiar

Når du spelar over trådlause aksessteknologiar, blir "lufta" di kabel. Dette inneber at basestasjonane, som har eit avgrensa tal på "trådar" eller frekvensar tilgjengelege, kan bli overbelasta ved høg etterspørsel (sjå illustrasjon litt lengre ned i artikkelen). Spelarar må då dele desse "trådane" med andre, noko som fører til at speleinputs eller serverrespons kan oppleve forseinkingar på grunn av kø. I tillegg blir det introdusert ekstra forseinkingar i omforminga mellom kabla og trådlause nett i basestasjonen, noko som kan forringe speleopplevinga betrakteleg.


Avstand til serverane

Den fysiske avstanden mellom spelaren og serveren er òg ein betydeleg faktor når det kjem til latenstid, eller forseinking i speleopplevinga. Sjølv millisekunds forseinkingar, forårsaka av ekstra utstyr spelet må gjennom, kan påverke speleprestasjonar, særleg i konkurransespel der kvar millisekund tel. Dette understrekar viktigheita av å velje ein kabla tilkopling for å sikre ei meir stabil og føreseieleg speleoppleving, fri for dei variasjonane i latenstid som kan vere så skadelege i eit konkurrerande miljø.

 
 

Så kva er eigentleg det beste valet?

For spelentusiastar og alle som set pris på ei sømlaus digital oppleving, reiser dette spørsmålet: Kva er den optimale nettverksløysinga for deg og heimen din? Med utviklinga i teknologi som skjer i eit raskt tempo, blir valet mellom fiber og 5G stadig meir relevant. La oss utforske forskjellane mellom desse to teknologiane og finne ut kva som kan vere det beste valet for den mest krevjande brukaren – den digitale spelaren.

Uavgrensa moglegheiter med fiber  

Når du vel fiber, får du internettsignal direkte til heimen via ein kabel, og all kapasiteten i linja er reservert for deg. Dette betyr at kvaliteten på signal og kapasitet ikkje blir påverka eller forstyrra av andre, noko som kan skje med eit delt 5G-nett. Fiber står dermed fram som eit sikkert val når det kjem til stabilitet, driftsikkerheit og hastigheit. For den digitale spelaren vil ein minimere sjansen for latency ved å benytte dette alternativet.

 
 

Kva med 5G?  

Trådlaust breiband leverer internett gjennom mobilnettet, der signal blir sendt via basestasjonar og gjennom lufta ut til kunden. 5G, eller femte generasjons mobilnett, representerer eit stort steg framover frå 3G og 4G, med nøkkelord som fenomenale hastigheiter og ekstrem kapasitet. Men det er viktig å merke seg at med trådlaust breiband deler du kapasiteten med alle andre som koplar seg til same basestasjon. Dette kan påverke både kapasitet og hastigheit, og i tillegg kan vêrforhold påverke signalkvaliteten. 

 
 

  

Fordelar og ulemper ved løysingane 

Utfordringa med fiber er at du må bu i eit område der det er bygd ut fibernett, og for dei fleste prosjekt krevst det eit visst tal på kundar for at det skal vera økonomisk forsvarleg å starta utbygginga. Det kan synast som eit stort steg å måtte grave for å legge fiberkabel til husveggen din, men denne teknologien er den beste for å sikra uavgrensa fart og kapasitet som dekker dine behov langt fram i tid. 

  

Kan me sei “ja takk, begge deler”?  

Sjølv om den nye 5G-teknologien tek det mobile breibandet eit steg vidare, er konklusjonen at trådlaust breiband og fiberbreiband ikkje erstattar kvarandre. For eit stabilt internett heime – der du skal sjå på TV, spele spel, surfe og jobbe frå heimekontor – er eit kabla fibernett definitivt den beste løysinga. 

  

Dersom du bur, eller har ei hytte eller fritidsbustad i eit område der det ikkje er bygd ut fiber, vil trådlaust breiband vera eit godt alternativ. Dette vil som regel dekkja behovet for enklare bruk. Skulle du vere så heldig å få moglegheita til å bli med på eit utbyggingsprosjekt for fiber i ditt hyttefelt, ikkje nøl med å hoppe på moglegheita.

 

Ta kontakt med oss for bestilling av fiber.  
Ring oss på 95 19 22 22, eller send ein e-post til
sal@sognenett.no. 

Forrige
Forrige

Meir fart, meir moro i Sogndal Skisenter

Neste
Neste

Vart styreleiar i Fiberforeningen: - Viktig talerøyr i åra som kjem