Meir fart, meir moro i Sogndal Skisenter

Marknadsleiar i Sognenett Hilde Østbø og “alt mogleg dame” Kristin Sletten Orten i Sogndal Skisenter er stålande nøgd med å ha signert ny samarbeidsavtale.

Sognenett og Sogndal Skisenter forlenger samarbeidet med tre nye år, og saman skaper me meir fart og meir moro i Hodlekve.

Med ny samarbeidsavtale på plass skal Sognenett halde fram med å arrangere skidagar for våre kundar i skisenteret, vere ein synleg aktør for regionen og lokalbefolkningen, samt sikre at skisenteret er tilstrekkeleg påkopla med fiber. Elles er det kjekt å sjå at me gjennom skisenteret kan bygge nærleik til dei mange hytteigarane som óg har Sognenett-fiber inn gjennom veggen.

- Me er nøgd med å halde fram vårt samarbeid med Sogndal Skisenter. Dei legg til rette for mykje god aktivitet og for oss er spesielt skidagen eit av sesongens høgdepunkt. I år deltok over 70 born på vår slalåm- og hoppkonkurranse, og mange familiar tok turen innom standen vår. Dette er ein flott arena for å kome i kontakt med kundane våre, og i tillegg vart det ein kjempeflott dag i sola, fortel Hilde Østbø, marknadsleiar i Sognenett.

Hendene i vêret for ein bra dag!

Mange ivrige deltakarar på slalåmkonkurransen.

Sogndal Skisenter har hatt stor utvikling dei siste åra, og vårt samarbeid er med å bidreg til at utviklinga kan halde fram. I dag er skisenteret påkopla robust fiber i dei ulike heisbuene i nedfartane, samt tidtakarbua i langrennsløypa. Påliteleg internettdekning og kapasitet er med på å sikre god drift og sikkerheit i anlegget, sam at ein på ein god måte kan gjennomføre ulike arrangement som krever internett.
I tillleg kan besøkande som er innom Dalalåven kople seg på gratis wifi. Slik kan skisenteret sine gjester halde seg påkopla og dele deira skieventyr med venner og familie, medan dei nyt ein velfortent pause.

Ny samarbeidsavtale markerer nesten eit tiår med gjensidig støtte og vekst, og vitnar om ein sterk lokal tilknyting til regionen og innbyggjarane. Sognenett, som lenge har vore ein viktig samfunnsaktør i Sogn, ser det som sitt samfunnsansvar å bidra til lokale tiltak og institusjonar. 

Sognenett håper mange tek turen til skisenteret i påsken. Me satsar på påskeslush, luftige svev og meir fart meir moro.

Tommel opp for ein fin skidag i Sogndal Skisenter.

Forrige
Forrige

Sognenett IT: Nye og miljøvenlege arbeidskameratar på vegen 

Neste
Neste

Gaming: fiber vs. 5G