Telenor pressar - Sognenett leverer. Vel lokal tryggleik.

Oddgeir Uglum er blant fleire av våre kundar som er godt nøgde med tenester og kunderservice i frå oss.

I det siste har Telenor gått hardt ut på Leikanger og i Sogndal. Mange opplever at seljarar opptrer pågåande og brukar feilinformasjon for å få folk til å signere på nye avtalar. Det blir sagt at kundar må bestemme seg med ein gong, at det blir dyrt å kople seg på seinare, og at lokale leverandørar som Sognenett ikkje kjem til å vere her i framtida.

Dette er feil.

Sognenett har levert fiberinfrastruktur i Sogn i mange år, og me skal halde fram med nettopp det. Me er eigd av solide lokale aktørar, me byggjer fiber i heile regionen og ikkje berre i tettbygde områder, og me er til stades når kundane treng oss.

Samtidig held me fram med å levere Telia Play som moderne og fleksibel TV-teneste. Me bidreg i lokalsamfunnet, og me støttar idrett og frivilligheit i heile Sogn fordi me bryr oss om områda me er ein del av.

Telenor opererer med veiledande prisar som ligg 150 til 300 kroner høgare enn våre. Me held fast ved noko enkelt og rettferdig; Fiber frå Sognenett skal vere stabilt og lokalt forankra, til konkurransedyktige prisar som held seg over tid. Ikkje berre første året i ein kampanje.

Når du vel Sognenett, vel du ikkje berre ein leverandør. Du vel å bidra til arbeidsplassar, aktivitet og utvikling der du bur.

Vel lokal tryggleik.
Vel Sognenett.

Ikkje nøl med å ta kontakt med oss.

Kundesenter

Telefon: 9519 2222 (ikkje SMS)
E-post:
post@sognenett.no
Heimeside/Chat:
www.sognenett.no
Messenger:
www.facebook.com/Sognenett

Vårt kundesenter står alltid klar til å hjelpe deg.

Neste
Neste

Mi side - Alt du treng på ein stad