Mi side - Alt du treng på ein stad

Mi side er no tilgjengeleg for alle kundar

No kan alle kundar logge inn på Mi side og få full oversikt over tenestene sine hjå Sognenett. Her finn du informasjon om abonnement, faktura, og du kan gjere endringar og bestillingar direkte, enkelt og oversiktleg.

Mi side er utvikla for å gi deg betre kontroll og ein enklare kvardag som kunde. Me håpar du vil ta i bruk løysinga og oppleve fordelane.
 

Slik loggar du inn på Mi side

  1. Gå til miside.sognenett.no

  2. Skriv inn mobilnummeret ditt (nummeret må vere registrert på kundekortet ditt frå før).

  3. Trykk på «Fortsett».

  4. Du får no spørsmål om passord. Er det første gongen du loggar inn, trykk på «Gløymt passord?».

  5. Dersom mobilnummeret ditt er registrert på kundekortet, får du ein SMS med ein eingongskode.

  6. Skriv inn koden og trykk på «Fortsett».

  7. Vel eit nytt passord og trykk på «Lagre».

👉 Passordet må vere minst 8 teikn langt, og innehalde både små og store bokstavar, samt eitt eller fleire tal.

Neste
Neste

Varsel om prisauke på TV-pakken