Sognenett og Sognenett IT blir eitt selskap
Som ein del av vegen vidare ønskjer me å dela ei viktig oppdatering. Sognenett og Sognenett IT blir samla i eitt selskap gjennom ein fusjon der Sognenett IT blir integrert i Sognenett. Fusjonen er planlagt gjennomført i midten av mai 2026.
Dette er eit naturleg steg vidare. Sognenett IT vart etablert for å utvida tenestetilbodet til Sognenett, og vart i si tid organisert som eit eige selskap fordi det var fleire eigarar inne i biletet. No er eigarskapet samla, mellom anna etter at Voss Kommunikasjon gjekk ut på eigarsida før jul 2025, noko som gjer det naturleg å samla verksemda i eitt selskap.
For dykk som kunde betyr samanslåinga eit meir samla og oversiktleg tilbod. Med tettare samspel mellom fiber, drift og IT-tenester kan me levera stabile, trygge og framtidsretta løysingar frå éin og same leverandør i åra som kjem. Samstundes legg samanslåinga til rette for betre utnytting av kompetanse og eit endå sterkare samla fagmiljø til beste for kundane våre.
For dykk vil kontakten med oss halda fram som i dag. De kan ta kontakt i dei kanalane de er vane med, og både kontaktflater og tenester vil fungera som normalt gjennom heile prosessen og etter samanslåinga.
Vil de ta ein prat med oss?
Har de spørsmål om internettløysinga de har i dag, eller ønskjer de å høyra meir om kva me kan tilby innan IT-tenester for bedrift? Me tek gjerne ein uforpliktande og hyggeleg prat for å sjå korleis me best kan støtta dykk vidare.
De er hjarteleg velkomne til å ta kontakt med oss.
Takk for at de er kunde hjå oss. Me ser fram til å vera leverandør for dykk også i tida som kjem.
Venleg helsing
Sognenett