Endring i abonnementsvilkår
Sognenett oppdaterer abonnementsvilkåra for breibandtenester. Dei nye vilkåra gjeld frå 2. mars 2026 og erstattar tidlegare abonnementsvilkår.
Bakgrunnen for endringane er behov for å tydeleggjere rettar og plikter i kundeforholdet, samt å tilpasse vilkåra til gjeldande praksis, teknologi og regelverk. Endringane inneber mellom anna presiseringar knytt til bruk av tenestene, ansvar for utstyr, endringar i tenester og pris, samt handsaming av personopplysningar.
Kva er endra
I hovudsak inneheld dei nye vilkåra:
tydelegare reglar for endringar i tenester og pris og korleis kundane vert varsla
presisering av at tenestene er for privat bruk i eigen husstand
klårare reglar for leigd utstyr, ansvar ved tap eller skade og retur ved avslutting
oppdaterte reglar om angrerett i tråd med gjeldande lovverk
presiseringar knytt til flytting, eigarskifte og overføring av abonnement
oppdatert informasjon om personvern og kundane sine rettar etter GDPR
Rett til å seie opp abonnementet
Dersom du meiner at endringane er til vesentleg ugunst for deg, har du rett til å seie opp abonnementet. Oppseiing må i så fall sendast skriftleg innan 2. mars 2026.
Les dei nye vilkåra
Me oppmodar alle kundar til å setje seg inn i dei oppdaterte abonnementsvilkåra:
Dersom du har spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt med kundesenteret vårt.