Ein samfunnsbyggjar med kunden i sentrum
For kundar flest handlar val av internettleverandør først og fremst om pris, kvalitet og service.
Men bak vala ligg det alltid noko meir. Kvar satsing har eit formål, og kvart selskap har si eiga historie. Dette fortel mellom anna noko om identitet, tilhøyrigheit, korleis ein påverkar samfunnet rundt seg og kva ein gir tilbake.
I historia om eit moderne og digitalt Sogn spelar Sognenett ei viktig rolle. På tidleg 2000-talet slo nasjonale aktørar fast at Sogn ikkje vart prioritert for utbygging av fiberinfrastruktur. Det var ikkje dei lokale energiverka og kommunane samde i, og tok saka i eigne hender. Sognenett vart følgjande etablert i 2007, og sidan den gong har me drive målretta utbygging av digital infrastruktur i ein region med store avstandar, utfordrande natur og grisgrendte strøk.
Resultatet er eit robust nett som sikrar kundane stabil og framtidsretta internettilgang, og som i 2025 vart kåra til Noregs beste. Dette har gjort det mogleg for fleire å bu, arbeida og driva næring i heile regionen, ikkje berre i dei mest sentrale områda.
Samfunnsutvikling handlar om mykje meir enn internett og digital infrastruktur. Det handlar om arbeidsplassar, om folk, om verdiane ein skapar, men også dei ein forvaltar og gir tilbake til lokalsamfunnet. Også her har Sognenett ei tydeleg rolle i regionen.
Gjennom sponsing og støtte til idrett, arrangement og andre tiltak bidreg selskapet til fellesskapet, og til å skapa eit levande lokalsamfunn der folk kan trivast, bu og veksa opp.
At me er tett på lokalsamfunna og nær kundane våre, gir fleire fordelar. Med kort veg til kundane får dei tett oppfølging og rask respons når det trengst. Brei kunnskap om lokale forhold og kjennskap til kunden gjer at me bryr oss det vesle ekstra, og strekk oss litt lenger. Kanskje er dette noko av grunnen til at Sognenett år etter år hevdar seg i toppen av nasjonale kundeserviceutmerkingar.
Me i Sognenett forstår at for å vera konkurransedyktige må me levera på pris, kvalitet og kundeservice. Samstundes tek me stoltheit i å levera gode løysingar som også skapar verdiar lokalt og bidreg til å byggja vidare på framtidas Sogn, med alle dei positive ringverknadene dette medfører.
Det arbeidet skal me halda fram med også i åra som kjem. Til det beste for oss, for kundane våre og for lokalsamfunna me er ein del av.