Spar tid og ressursar med Administrert IT
Med administrert IT fiksar me IT-drifta for deg - slik at du og dine kollegaer kan jobba meir effektivt og fokusert med arbeidsoppgåvene.
For mange verksemder i Sogn og omegn er stabil IT-drift sjølve nerven i verksemda. Men kva skjer når nettet sviktar, eller serveren ikkje vil spele på lag? Kven tek ansvar – på bakostning av andre oppgåver, og har de eigentleg full kontroll?
I ein moderne kvardag er me heilt avhengige av at det digitale fungerer. Ein time med nedetid er ikkje berre frustrerande – det er kostbart. Likevel ser me at mange bedrifter brukar verdifull tid på å «sløkke brannar» i eigne IT-system.
Med administrert IT og nettverk frå Sognenett tek me over ansvaret, slik at de kan konsentrere dykk om det de kan best.
Les også: Trygg og effektiv IT-drift: Difor vel Highsoft Administrert IT
CTO i Highsoft, Jørgen Tistel (t.v) og Highsoft signerte i fjor ei avtale om Administrert IT frå Sognenett (den gongen Sognenett IT). Her saman med Tore Bø i Sognenett. Les meir om deira oppleving i lenka over.
Kva er eigentleg Administrert IT?
Kort fortalt betyr det at IT-avdelinga i Sognenett fungerer som dykkar interne IT-avdeling. Me sørger for at maskinvare, programvare og tryggleiksløysingar alltid er oppdaterte og fungerer optimalt.
Proaktiv drift: Me fiksar feila før de merkar dei.
Føreseielege kostnader: Fast månadspris gjer det enkelt å budsjettere.
Lokal kompetanse: Me kjenner det lokale næringslivet og er aldri langt unna.
– For oss er det viktig å ha system som fungerer, og å vite at hjelpa er nær når noko skjer. Det gir ein ekstra tryggleik i kvardagen – og det får me med Administrert IT, seier Marit Haugan Hove, leiar for administrasjon og utvikling i ViteMeir-senteret på Kaupanger som signerte avtale om Administrert IT i 2025.
Administrert Nettverk
Det hjelper lite med rask fiber om det trådlause nettet (Wi-Fi) ikkje når fram til møterommet eller jobb pc-en. Med Administrert Nettverk tek me totalansvaret for infrastrukturen til dykkar bedrift.
Dette får de mellom anna med på kjøpet:
Optimal dekning: Me prosjekterer og set opp aksesspunkt som sikrar dekning i kvart hjørne.
Gjestenett med kontroll: Sikker skilling mellom bedriftsinterne data og nettet gjestene dykkar brukar.
Tryggleik i høgsetet: Innebygd brannmur og kontinuerleg overvaking som stoppar truslar før dei rekk å utgjera skade.