Éin av tre nordmenn betalar for strøymetenester dei ikkje brukar – slik får du kontroll

Mange val - mange moglegheiter. Har du kontroll på kor mykje du samla sett betalar for dine abonnement?

Nordmenn er i verdstoppen når det kjem til bruk av strøymetenester. Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) har 9 av 10 nordmenn tilgang til minst éi teneste, og det finst over 6 millionar betalte abonnement i Noreg. 

Men har du eigentleg kontroll på kva det kostar deg?

Forbruket på strøymetenester har auka kraftig dei siste åra, og faste utgifter til underhaldning tek ein stadig større del av budsjettet.  

Samtidig betalar éin av tre nordmenn for abonnement dei ikkje brukar aktivt. 

Ein typisk kombinasjon av dei mest brukte tenestene, som Netflix, TV 2 Play, Viaplay og Max, kan fort koste 6-700 kroner i månaden samla – eller meir. For mange betyr det at tusenvis av kroner unødvendig forsvinn ut av kontoen årleg, på pengar ein enkelt kunne ha spart ved å samle alt i ei strøymeteneste.  

Ulike strøymetenestar spreidd gjennom ulike abonnement og betalingstenestar kan fort gje ein større rekning totalt enn mange kanskje er klar over.

Strøymetenester har gjort det enkelt å sjå det ein vil, når ein vil. Samtidig har dei gjort underhaldninga meir fragmentert. 

Fleire abonnement, ulike appar og trekk frå kontoen på forskjellige tidspunkt gjer det vanskeleg å ha oversikt. Når det meste går på automatisk fornying, er det lett å la det berre rulle vidare. 

Dette handlar ikkje om å sjå mindre – men om å få meir ut av det du betaler for. 

Ved å samla underhaldninga ein stad med Telia Play er det lettare å få oversikt over utgiftene - og unngå unødvendig sløsing med pengar.

VM-kampanje - grip sjansen no!

Med Telia Play levert av Sognenett kan du samle både TV-kanalar og strøymetenester i eitt abonnement. 

I staden for fleire separate betalingar og leverandørar, får du ei løysing der alt er samla – og der du har betre kontroll over kva du faktisk betaler for.  

Så kva betalar du?   

Fram til 31. Juli køyrer me kampanje i forbindelse med fotball-VM for herrer i USA, Canada og Mexico.

For berre 990,-  i månaden får du Telia Play og fiber med hastigheit 100/100 i eit heilt år. 

Med Telia Play får du ein pott med TV-poeng som du brukar til å velje innhald. I grunnpakken får du 60 poeng, som kan brukast på dei mest populære strøymetenestene. 

Er du ferdig med ein serie eller ei teneste, kan du enkelt bytte det ut og bruke poenga på noko anna – utan at månadsprisen endrar seg. 

Treng du meir innhald i periodar, kan du også utvide med fleire poeng. 

Med Telia Play får du: 

  • éi løysing og éi rekning  

  • tilgang til innhald på mobil, nettbrett og TV  

  • moglegheit til å tilpasse abonnementet etter behov  

 Les meir om Telia Play og finn ut kva som passar for deg.

Med Telia Play får du alt det beste innhaldet samla under eit - til rimelegare kostnad!

Neste
Neste

Spar tid og ressursar med Administrert IT