Ny og enklare betalingsløysing

Frå juni tek Billogram over som ny faktura- og betalingspartnar for Sognenett. Med smart teknologi vert betalingsprosessen meir effektiv for oss som leverandør, samtidig som du som kunde får ei enklare og meir oversiktleg betalingsoppleving.

Korleis påverkar dette deg som kunde?

Endringa skjer automatisk, og du treng ikkje gjera noko. Fakturaene dine vil framleis kome på same måte som før, anten via AvtaleGiro, papirfaktura, eFaktura eller e-postfaktura.

Har du spørsmål?
Om du har spørsmål eller opplever problem med betaling, ta kontakt med kundesenteret vårt. Me hjelper deg gjerne!

Spørsmål og svar


Kvifor har bankkontonummeret blitt endra?
Me har bytt faktureringspartnar og bankforbindelse.

Kvifor ser fakturaen anleis ut?
Me har nyleg bytt faktureringspartnar til Billogram, og utforminga av fakturaen har blitt oppgradert. Merk at det er nytt kontonummer.

Er det trygt å betale med Billogram?
Ja, det er det. Me har nyleg bytt faktureringspartnar til Billogram.

Kva er det nye bankkontonummeret?
15202158622

Korleis kan eg aktivere AvtaleGiro?
Du kan enkelt gjere dette via din eigen nettbank, eller via Billogram sin betalingsløysing.

Korleis kan eg aktivere eFaktura?
Dette aktiverer du i nettbanken din. Ved å velje «Ja, takk til alle» får du eFaktura frå alle som tilbyr dette.

Forrige
Forrige

Redusert kundesenter torsdag 12. juni

Neste
Neste

Sognenett kåra til Årets kundesenter – for tredje året på rad!