Sognenett kåra til Årets kundesenter – for tredje året på rad!

For tredje året på rad har Sognenett gått heilt til topps i den nasjonale kåringa Årets kundesenter i breibandsbransjen. Prisen vert delt ut av SeeYou, og er basert på reelle kundemøte og kvaliteten på kundeopplevinga.

– Me er utruleg stolte og glade! Dette er ei anerkjenning som betyr mykje, for det handlar om den jobben me gjer kvar dag for kundane våre, seier dagleg leiar i Sognenett, Ole Petter Hatlevoll.

Madeleine Larsen Barmen og Rune Cirotzki representerte Sognenett under prisutdelinga i Oslo, der dei mottok utmerkinga på vegner av selskapet.

Deltakarar i kategorien Breiband (tilfeldig rekkefølgje)

  • Sognenett

  • Telenor Bredbånd

  • GlobalConnect

  • Lyse (Altibox)

  • Telia Bredbånd

  • NextGenTel

  • NTE Bredbånd

  • Eidsiva Bredbånd

  • Enivest

Kundeservice i verdsklasse

SeeYou si kåring baserer seg på Mystery Shopping og ei grundig vurdering av kvaliteten på svar, løysing, kommunikasjon og profesjonalitet. Sognenett har gjennom fleire år utmerka seg i kåringa, og no blir prisen løfta heim til Sogn for tredje året på rad.

– Å få denne utmerkinga igjen viser at innsatsen til kundesenteret vårt ikkje er ein tilfeldighet. Me har eit team som brenn for å hjelpe folk og som kjenner både lokalmiljøet og teknologien. Det er gull verdt, seier kundeansvarleg Mardeleine Larsen Barmen.

Kombinasjon av kundeservice og teknisk kvalitet

Tidlegare i år vart Sognenett også kåra til å ha det beste internettet i Noreg av nPerf, som måler reell brukaroppleving på nettet. Med denne dobbeltseieren i lomma kan Sognenett vise til både bransjeleiande teknologi og kundeservice i toppklasse.

🔗 Les meir: Sognenett kåra til best på internett i Noreg

Nært, trygt og tilgjengeleg

– Me trur kombinasjonen av lokal tilknyting, dyktige fagfolk og korte linjer mellom kundesenter og teknisk drift gjer oss sterke. Det handlar ikkje berre om å svare raskt, det handlar om å forstå kundane, forklare godt og finne gode løysingar.

Me takkar alle kundane våre for tilliten, og alle dei tilsette som leverer topp service – dag etter dag!

Forrige
Forrige

Ny og enklare betalingsløysing

Neste
Neste

Best i Norge på internett og kundeservice, takka vere våre dyktige tilsette