Sognenett satsar lokalt: - Kan opna nye dører for oss
Dagleg leiar for Enduser i Årdal, Thomas Moen Klingenberg, er svært nøgd med å ha skaffa signaturen til Sognenett - deira største kunde og samarbeidspartnar til no. Foto: Morten Sortland
– Me er svært glade for å få med Sognenett på laget. Dei er ein stor lokal aktør og samarbeidet kan opne nye dører for oss, seier Thomas Moen Klingenberg, dagleg leiar i Enduser.
Sognenett har nyleg inngått ein samarbeidsavtale med det Årdalsbaserte programvareselskapet Enduser. Selskapet vart etablert i 2023 og har utvikla det bransjeretta systemet INA, eit arbeidsverktøy for internettleverandørar, som Sognenett nyleg tok i bruk. Programvara gjer det mogleg å samla kundedata, sakshandsaming og nettverksstatus i éin plattform – noko som gir betre oversikt og meir effektiv drift.
Frå ord til handling
Samarbeidsavtalen gjer at Sognenett blir den største kunden til Enduser så langt. Moen Klingenberg omtalar signeringa som ein milepæl for det relativt nyoppstarta selskapet.
– Sognenett er ein strategisk viktig samarbeidspartnar, som den største breibandleverandøren i indre Sogn. Me får også ein verdifull sparringspartnar på teknologi og drift, seier han.
Han peikar på det nye samarbeidet med Sognenett som eit godt døme på lokal verdiskaping i praksis.
– At dei vel ei lokalt utvikla løysing framfor ei kommersiell bransjeløysing viser både at me er på rett veg - men også at Sognenett, som ein del av Sognekraft-konsernet, verkeleg set handling bak visjonen om å vera «Drivkraft i Sogn».
Lokalt samarbeid styrkar næringslivet
For Sognenett er samarbeidet ei satsing på moderne verktøy og lokal kompetanse:
– Det er inspirerande å sjå lokale teknologiselskap utvikla løysingar som er skreddarsydde for vår bransje. Me får tilgang til moderne og tilpassa programvare, samstundes som me støttar lokal verdiskaping. Slike samarbeid styrkar både næringslivet og utviklinga i regionen, seier Ole Petter Hatlevoll, konserndirektør for digitale tenester i Sognekraft.