Karoline er ny salskonsulent i Sognenett: - Eit enkelt val å søka

Karoline Høegh Korsmo er ny salskonsulent i Sognenett.

– Eg ønskjer å bidra til at kundane sit att med ei god oppleving av tenestene me leverer, seier Karoline Høegh Korsmo. 

Nyleg tok ho fatt på jobben som salskonsulent i Sognenett. 

Karoline er eit sosialt vesen som trivst ekstra godt når kan bidra til å skapa gode og meiningsfulle kunderelasjonar. 

– Det er noko ekstra motiverande ved å vita at det me driv med til sjuande og sist handlar om å gi bedrifter trygge og sikre løysingar dei kan stola på, seier ho. 

Tilflyttaren som vart verande 

Dei som pratar med ho, høyrer det kanskje på dialekta. Karoline er ikkje sogning, men kjem opphavleg frå Sør-Odal. 

I dag bur ho på Kaupanger saman med sambuar, ein son på snart to år og hunden deira. Etter åtte år i Sogn og med ny og fast jobb i Sognenett tyder mykje på at ho har funne seg godt til rette. 

– Ein av grunnane til at me har blitt verande, er alle moglegheitene som finst her. Det er kort veg til både fjord og fjell, og det brukar me flittig, seier ho. 

Fritida går i stor grad med til aktivitetar ute i naturen. Sommar som vinter likar ho seg best på tur, anten det er til fots, på sykkel, ski eller jakt. 

– Det blir fort ein travel, men veldig god kvardag med jobb, familie og alt me likar å driva med ute i nærområdet. 

Karoline likar seg godt i fjella i Sogn. Foto: privat.

Eit enkelt val å søka 

Når ho søkte seg inn i Sognenett var det fleire ting som lokka – spesielt å få jobba i eit selskap som ligg i skjæringspunktet mellom teknologi, smarte løysingar og kundekontakt. 

-Det at Sognenett i tillegg er ein del av et stort konsern med et tydelig fokus på satsing og videre utvikling gjorde det til eit enkelt val å søka, seier ho. 

- Eg gler eg meg til å komma meir inn i ting og til å bli betre kjent med folka her, selskapet – og ikkje minst kundane våre.  


Neste
Neste

Fiber eller satellittsignal – kva er eigentleg skilnaden?