Fiber eller satellittsignal – kva er eigentleg skilnaden?

Det finst fleire måtar å få internett heim på. Med fiber kjem signalet gjennom ein fiberkabel heilt fram til huset. Med satellittinternett, som til dømes Starlink, blir signalet sendt mellom satellittar og ei antenne heime hjå deg.

Begge teknologiane kan gi raskt internett. Men det er skilnader på mellom anna stabilitet, hastigheit og responstid.

Her er det viktigaste du bør vite.

Kabel i bakken eller signal frå verdsrommet?

Med fiber får du ei fysisk tilkopling til fibernettet. Forbindelsen er ikkje avhengig av fri sikt mot himmelen eller trådlause signal mellom huset og satellittar.

Satellittinternett kan vere ei god løysing på stader der fiber ikkje er tilgjengeleg. Har du tilgang til fiber, får du derimot ei stabil og framtidsretta tilkopling med svært stor kapasitet.

Fiber gir like rask fart begge vegar

Med fiber frå Sognenett får du symmetrisk hastigheit. Det betyr at du får like høg hastigheit på opplasting som på nedlasting.

Du kan velje mellom 100/100, 200/200, 300/300, 500/500 og 1000/1000 Mbit/s.

Dette er ein fordel når du til dømes har videomøte, lagrar bilete og video i skya, sender store filer eller gamer.

Dokumentert god kvalitet

Me meiner sjølvsagt sjølve at me har eit godt fibernett. Men det er ekstra kjekt når uavhengige målingar viser det same.

Sognenett har vore heilt i toppen av nPerf si nasjonale måling av fast breiband to år på rad. I 2024 vart Sognenett kåra til best i Noreg, og i 2025 delte me igjen førsteplassen.

Målingane viser også jamn kvalitet gjennom heile døgnet – inkludert når mange er på nett på ettermiddagen og kvelden.

Fiber frå Sognenett

Har du tilgang til fiber, får du:

  • opptil 1000/1000 Mbit/s

  • like rask opplasting som nedlasting

  • låg responstid

  • stabil og føreseieleg kapasitet

  • ei framtidsretta tilkopling med stor kapasitet

  • lokal kundeservice og lokale fagfolk

Neste
Neste

Bedrift: Skal du reise til utlandet i sommar?