Bedrift: Skal du reise til utlandet i sommar?

Som bedriftskunde med Administrert IT og e-post levert av Sognenett har de geoblokking aktivert. Det betyr at dersom du oppheld deg utanfor Noreg, Sverige eller Danmark, vil du bli utfordra dagleg på passordlaus MFA (til dømes godkjenning i Microsoft Authenticator-appen).

 

For å unngå unødvendige utfordringar med innlogging når du er på reise, kan me leggje inn eit mellombels unntak. Ta kontakt med kundesenteret vårt før avreise og opplys om kva land du skal til og perioden du er bortreist.

 

Geoblokking er eit viktig tryggingstiltak som bidreg til å redusere risikoen for uautorisert tilgang til bedrifta sine system.

 

Neste
Neste

God sommar! ☀️