Svein er ny seniorkonsulent: - Gode moglegheiter for å utvikla meg vidare
Svein Sivertsen tok nyleg til i den nye jobben i Sognenett.
– Det som lokka meg med jobben, var moglegheita til å kombinere den breie erfaringa mi med noko av det eg interesserer meg aller mest for: IT-sikkerheit, seier Svein Sivertsen.
Nyleg tok han fatt på stillinga som seniorkonsulent i Sognenett. Her skal han arbeide med alt frå feilsøking og teknisk arkitektur til drift og tryggleik for kundane.
Svein Sivertsen kjem frå stillinga som IT- og kontraktsansvarleg i AGTunnel. Før det har han arbeidd både som gründer og teknikar innan reparasjon, drift og IT-tenester, mellom anna gjennom sitt eige selskap Total Repairs.
– Eg har skrudd på det meste, frå kretskort og maskinvare til nettverk og skytenester. Det er nettopp denne breidda eg no får brukt vidare i den nye rolla, seier han.
Opphavleg kjem Svein Sivertsen frå Bergen. Etter ti år i Sogndal kjøpte han og kona bustad og etablerte seg på Hafslo.
Moglegheita til å bli ein del av eit sterkt, lokalt kompetansemiljø var viktig då han godtok et jobbtilbud fra Sognenett.
– Her får eg jobbe med spennande kundar og kritisk infrastruktur, samtidig som eg har dyktige kollegaer å sparre med. Det gir gode moglegheiter til å utvikla meg vidare, seier han.
Teknologi på jobb - og fritid
Når arbeidsdagen er over, går mykje av fritida med til interesser innan teknologi.
Svein likar mellom anna gaming og sim racing, og brukar òg mykje tid på å studere IT-sikkerheit.
I tillegg står både reising og friluftsliv på programmet når høvet byr seg.
– Eg er òg over gjennomsnittet glad i bacon, legg han til.
Ser fram til å kome i gang
No ser Svein fram til å bli betre kjend med både kollegaene, kundane og arbeidskvardagen i Sognenett.
– Eg gler meg til å kome skikkeleg i gang og ta fatt på spennande og utfordrande oppgåver saman med resten av laget, seier han.