Administrert Nettverk

Eit stabilt og sikkert nettverk
– utan at bedrifta må drifte det sjølv

Eit godt nettverk skal først og fremst fungere. Med Administrert Nettverk frå Sognenett tek me ansvar for nettverksløysinga i bedrifta – frå utstyr og oppsett til overvaking, sikkerheit og vedlikehald.

Me leverer og eig nettverksutstyret, held det oppdatert og følgjer med på at løysinga fungerer som ho skal. Bedrifta slepp store investeringar i utstyr og får eit profesjonelt nettverk som blir teke vare på over tid.

Når det er behov for hjelp, er lokal kompetanse lett tilgjengeleg frå folk som kjenner både løysinga og infrastrukturen.

Eit nettverk bedrifta slepp å tenkje på

Nettverket er ein viktig del av den digitale grunnmuren i ei bedrift. PC-ar, telefonar, møterom, skrivarar, kamera og andre einingar er avhengige av eit stabilt og sikkert nett for å fungere.

Med Administrert Nettverk tek Sognenett ansvar for denne delen av IT-kvardagen.

Me sørgjer for eit ryddig og profesjonelt oppsett, overvakar nettverksutstyret og held programvare og sikkerheit oppdatert. Dersom utstyr me eig blir defekt, sørgjer me for utskifting.

Det gir verksemda mindre å administrere, betre kontroll og ein meir føreseieleg kvardag.

Dette får bedrifta med administrert Nettverk

Tryggare med separate nettverk

Eit moderne bedriftsnettverk bør ikkje ha alle einingar samla på same nett.

Med Administrert Nettverk deler me derfor nettverket inn i ulike soner. Tilsette og arbeidsutstyr kan vere på eitt nett, gjester på eit anna, medan kamera, skrivarar, møteromssystem og anna tilkopla utstyr kan haldast separat.

Dette gir betre kontroll og reduserer risikoen for at ei uønskt hending i éin del av nettverket påverkar resten av verksemda.

Standardløysinga omfattar eigne soner for:

  • Brukarar – PC-ar, telefonar, serverar og anna arbeidsutstyr

  • Gjester – internettilgang skilt frå bedriftsnettet

  • IoT og støtteutstyr – til dømes skrivarar, kamera, møteromssystem og ladestasjonar

  • Teknisk utstyr – utstyret Sognenett administrerer

korleis fungerer administrert nettverk i praksis?

Kontakt oss for meir informasjon

For meir informasjon eller for å kome i gang med Administrert IT, kontakt vårt salsteam på telefon 4821 88 88 eller e-post post@sognenett-it.no.  

Kontakpersonar