Kvifor treng bedrifta meir
enn ein ruter?
Fiber og ein ruter gir bedrifta tilgang til internett. Men det betyr ikkje nødvendigvis at nettverket er tilpassa behova til ei moderne bedrift.
PC-ar, telefonar, skrivarar, kamera, møteromssystem, betalingsterminalar og andre einingar er kopla til det same digitale miljøet. Det stiller større krav til både sikkerheit, stabilitet og dekning.
Med Administrert Nettverk byggjer me ei profesjonell nettverksløysing rundt internettilkoplinga.
Sikkerheit rundt bedrifta sitt nettverk
Ein FortiGate bedriftsbrannmur overvakar trafikken inn og ut av nettverket og bidreg til å stoppe kjende digitale truslar, skadelege nettsider, botnett og uønskt trafikk.
Samtidig deler me nettverket inn i separate soner. Tilsette, gjester, IoT-einingar og teknisk utstyr treng ikkje ha tilgang til dei same delane av nettet.
Det gir bedrifta fleire lag med sikkerheit – og kan bidra til å avgrense konsekvensane dersom ei eining blir kompromittert.
God dekning der nettet skal brukast
Ein ruter står gjerne på éin stad. Veggar, etasjar, avstand og utforminga av lokala kan påverke kor godt det trådlause nettet fungerer andre stader.
Med Administrert Nettverk nyttar me administrerte trådlause aksesspunkt og tilpassar løysinga til lokala og behovet til bedrifta.
Målet er enkelt: Dei tilsette skal ha eit stabilt nett der dei faktisk arbeider.
Og nokon tek ansvar
Sognenett overvakar nettverksutstyret og sørgjer for oppdateringar, vedlikehald og utskifting av defekt utstyr.
Bedrifta får dermed ikkje berre utstyr – ho får ei nettverksløysing som blir drifta og følgd opp over tid.
Fiber gir tilgang til internett. Administrert Nettverk sørgjer for sikkerheit, stabilitet og dekning vidare ut i bedrifta.
Kontakpersonar
-

Karoline Høegh Korsmo
Bedriftsløysingar, IT og fiber
-

Svein Ove Bergseth
Bedriftsløysingar, IT og fiber
-

Eldar S. Åsebø
Bedriftsløysingar, operatør og fiber
-

Rune Cirotzki
Bedriftsløysingar, operatør og fiber