God WiFi-dekning der bedrifta treng det

Ei god internettilkopling hjelper lite dersom det trådlause nettet ikkje fungerer der dei tilsette skal bruke det.

Veggar, etasjar, avstand, materialbruk og talet på einingar kan påverke både dekning og kvalitet på WiFi-nettet.

Med Administrert Nettverk frå Sognenett får bedrifta ei nettverksløysing tilpassa lokala og behovet.

Meir enn éin ruter

I staden for at alt trådlaust nett skal kome frå ein enkelt ruter, kan me plassere administrerte Zyxel-aksesspunkt der det er behov for dekning.

Aksesspunkta samarbeider som ein del av den same nettverksløysinga, slik at dei tilsette kan bevege seg rundt i lokala og framleis vere kopla til bedrifta sitt nett.

Tilpassa ulike lokale

Behovet kan vere svært forskjellig frå eit lite kontor til ein butikk, eit lager, ein skule eller eit større bygg.

Me kan hjelpe med dekningsanalyse, nettverksdesign og plassering av aksesspunkt, slik at løysinga blir dimensjonert etter kor nettet faktisk skal brukast.

Har verksemda fleire bygg eller lokasjonar, kan me også hjelpe med å kople desse saman.

Me følgjer med på nettet

Aksesspunkta og resten av nettverksutstyret blir administrert og overvaka av Sognenett. Me sørgjer for nødvendige oppdateringar og tek ansvar dersom utstyr me eig blir defekt.

Bedrifta slepp dermed å administrere ei samling med ruterar og WiFi-utstyr sjølv.

Målet er at dei tilsette skal kunne kople seg på – og at nettet berre fungerer der dei treng det.

Kontakpersonar