Varsel om prisauke på TV-pakken
På grunn av auka kostnader knytte til drift og utvikling av TV-tenesta, vil prisen på TV-pakken auke med 70 kroner per månad frå 1. oktober 2025.
Er du i ein kampanjeperiode?
Då vert prisen endra først når kampanjeperioden går ut.
Sjekk når kampanjeperioden går ut på Mi side
Endringane ser du på Mi side frå 1. oktober.
I samarbeid med Telia gjer me jamlege oppdateringar og forbetringar i Telia Play for å gi kundane ei stadig meir spanande og fleksibel TV-oppleving. Det siste året har Telia mellom anna, som einaste i Noreg, inkludert strøymetenesta Prime Video i valmogelegheitene. NRK TV er òg blitt tilgjengeleg i Telia Play, saman med fleire heilt unike strøymetenester og innhald.
Fleire nyheiter kjem til hausten
Den nyaste avtalen med TV 2 gir mykje godt innhald og endå meir fleksibilitet. Blant anna blir TV 2 Play Favoritt med Disney+ tilgjengeleg for alle Telia-kundar i Telia Play ved bruk av TV-poeng. I tillegg kan me glede kundane våre med den inkluderte strøymetenesta BritBox frå BBC, med det aller beste av britisk kvalitetsunderhaldning gjennom tidene. Meir detaljert informasjon om haustens nyheiter kjem snart.
Dine rettar og vilkår
Sidan me gjer endringar i avtalen din, har du rett til å seie opp avtalen vederlagsfritt innan 1 månad etter at du har motteke dette varselet. Les meir i avtalevilkåra dine på denne sida; https://www.sognenett.no/vilkar