Bedrift: Julehelsing og takk for tilliten

Kjære kundar og samarbeidspartnarar,

No når året går mot slutten, ønskjer me å takka dykk for samarbeidet me har hatt i 2025. Det betyr mykje for oss at de har valt Sognenett som leverandør av internettløysingar til bedrifta dykkar. Tilliten de viser oss er heilt avgjerande for arbeidet me gjer kvar dag, og me ser fram til å følgja dykk vidare i tida som kjem.
 

Sognenett og Sognenett IT blir eitt selskap

Som ein del av vegen vidare ønskjer me å dela ei viktig nyheit. Sognenett og Sognenett IT blir samla i eitt selskap, gjennom ein fusjon der Sognenett IT blir integrert i Sognenett. Fusjonen er planlagt gjennomført i løpet av våren 2026.

 

Dette er eit naturleg steg vidare. Sognenett IT vart etablert for å utvida tenestetilbodet til Sognenett, og vart i si tid organisert som eit eige selskap fordi det var fleire eigarar inne i biletet. No er eigarskapet samla, noko som gjer det naturleg å samla verksemda i eitt selskap.

 

For dykk som kunde betyr samanslåinga eit meir samla og oversiktleg tilbod. Med tettare samspel mellom fiber, drift og IT-tenester kan me levera stabile, trygge og framtidsretta løysingar frå éin og same leverandør  i åra som kjem. Samstundes legg samanslåinga til rette for betre utnytting av kompetanse og eit endå sterkare samla fagmiljø til beste for kundane våre.

 

For dykk vil kontakten med oss halda fram som i dag. De kan ta kontakt i dei kanalane de er vane med, og både kontaktflater og tenester vil fungera som normalt gjennom heile prosessen.

 

Vil de ta ein prat med oss?

Har de spørsmål om internettløysinga de har i dag, eller ønskjer de å høyra meir om kva me kan tilby innan IT-tenester for bedrift? Me tek gjerne ein uforpliktande og hyggeleg prat for å sjå korleis me best kan støtta dykk vidare.

De er hjarteleg velkomne til å ta kontakt med oss.

 

Takk igjen for at de er kunde hjå oss. Me ser fram til å vera leverandør for dykk også i tida som kjem.

 

Me håpar de får ei god og fredeleg jul, og ønskjer dykk alt godt for det nye året.

 

Venleg helsing
Sognenett

Forrige
Forrige

Opningstider i jula

Neste
Neste

Telenor pressar - Sognenett leverer. Vel lokal tryggleik.