Telia og TV 2 er samde om ny samarbeidsavtale

Pressemelding frå Telia:

Telia og TV 2 er samde om ein ny langsiktig samarbeidsavtale for TV 2 sine kanalar og innhald. Avtalen sikrar Telia sine TV-kundar enkel tilgang til alt TV 2-innhald, og inkluderer både TV 2 sine kanalar og straumetenesta TV 2 Play.

– Me er nøgde med å ha landa ein ny og langsiktig avtale med TV 2, og me er glade for at me kan halde fram med å gi kundane våre marknadens breiaste TV-tilbod på Telia Play, seier Morten Karlsen Sørby, fungerande administrerande direktør i Telia Noreg.

Samarbeidsavtalen sikrar nærare éin million norske TV-sjåarar tilgang til heile innhaldsuniverset til TV 2, med nyheiter, underhaldning og sport i lang tid framover.

– Avtalen sikrar valfridom, mangfald og moglegheita til å sjå endå meir kvalitetsinnhald på Noregs mest moderne TV-plattform – når kundane sjølve vil, kvar dei vil og på kva skjerm dei vil.

Også TV 2-sjefen er nøgd med den nye avtalen.

– Det er kostbart å produsera norsk kvalitetsinnhald, og det har aldri vore vanskelegare å finansiera journalistikken. TV 2 sine konkurrentar er først og fremst dei globale teknologigigantane og sosiale medie-plattformene. Med Telia som ein langsiktig samarbeidspartnar på laget, står me styrka i kampen for å løfta fram norsk innhald, sport og samfunnsviktig journalistikk.

Etter fire månader utan avtale mellom TV 2 og Telia, betyr dagens semje at ein halv million husstandar får tilgang til TV 2 sine kanalar igjen. Dette skjer akkurat i tide til sommarens fotball-EM for kvinner og årets «Tour de France».

– Som allmennkringkastar er det avgjerande å nå breitt ut med kanalane og TV 2 Play, slik at store delar av innhaldet vårt kan opplevast som allemannseige. Det var ei føresetnad for nye forhandlingar, og eg er glad for at me no har klart å bli samde om ein avtale som òg er økonomisk berekraftig for begge partar, seier Sandnes.

Disney+ vil bli inkludert i TV 2 Play Favoritt

I tillegg til TV 2 sitt eige, norskspråklege kvalitetsinnhald innan underhaldning, nyheiter og sport, vil den nye avtalen frå hausten av sikre at Telia sine kundar kan få inkludert Disney+ i TV 2 Play Favoritt ved bruk av sine TV-poeng – på lik linje med andre straumetenester i Telia Play.

Dei lineære TV 2-kanalane er allereie tilgjengelege, men på grunn av teknisk kompleksitet vil det ta noko lengre tid før TV 2 Play er tilgjengeleg i Telia Play. Alle Telia sine kundar vil behalde sine ekstra TV-poeng og annan kompensasjon ut juli månad.


Lurer du på kva dette betyr for deg, eller treng hjelp til å setje opp kanalane dine? Ta kontakt med oss i Sognenett – me hjelper deg gjerne!

Forrige
Forrige

Ola (20) stortrivst som lærling i Sognenett: - Draumejobb

Neste
Neste

God sommar! ☀️