Ola (20) stortrivst som lærling i Sognenett: - Draumejobb
Ola Liheim (20) er lærling, teknisk montør, i Sognenett.
Han likar å vera ute blant folk – og blir rastlaus berre av tanken på ein rein kontorjobb. Etter eitt år som lærling i Sognenett er ungfolen trygg på at han har hamna på rett plass.
– Eg kunne ikkje førestilt meg ein betre arbeidsplass for meg, seier Ola Liheim.
Fatta tidleg interesse
20-åringen frå Sogndal likar fart, moro og kvir seg ikkje for å ta ei utfordring på strak arm. Den unge sogndølen driv med vektløfting, kampsport, sportsskyting, og trivst generelt best når han får vera i aktivitet – anten det er på fritid eller i jobb.
– Å sitja heile dagar berre på kontoret er ikkje noko for meg. Eg likar meg best i ein variert arbeidskvardag, og gjerne der eg kan ut og møta folk, seier han.
Framtidig potensiell arbeidsgjevar hadde han få tankar om då han starta på elektrofag ved Sogndal vidaregåande for eit par år sidan. Men alt endra seg etter eit bedriftsbesøk frå Sognenett.
Bedriftsbesøk frå Sognenett på videregåande traff ei nerve hjå sogndølen, som var fleire gonger på utplassering før han tok til i lærlingstillinga.
– Eg hugsar eg tenkte at dette var midt i blinken for meg. Eg var veldig nysgjerrig på å læra meir om korleis internettet fungerer og er bygd opp, så det å få jobba med det verka som midt i blinken for meg, seier Liheim.
Ein jobb med variasjon og meining
I ettertid var han inne på utplassering fleire gonger, og etter fullført VGS bar vegen tilbake til Grushola, der han byrja i lærlingstilling som teknisk montør.
– Eg måtte jo berre søka. Ikkje berre var det spennande arbeidsoppgåver, men det var også eit svært godt arbeidsmiljø som eg hadde lyst å vera ein del av.
Det gode arbeidsmiljøet er ein av grunnane til at Ola trivst så godt i Sognenett.
Eit år inn i lærlingtida kan han fortelja om ein variert arbeidskvardag der sjeldan to dagar er like.
– Nokre dagar handlar det om å byta fiberboksar, andre dagar er det feilsøking og kundehjelp. Det beste med jobben er å vera ute, treffe kundar og hjelpa dei med det dei treng, men det er også fint å få reist rundt om i Sogn og oppleva den fine naturen me har rundt oss.
Har funne draumejobben
Frå utsida er ikkje vanskeleg å leggja merke til at Ola er ein blid og utadvendt kar, og smilet er aldri langt unna. Slik sett passar han og godt inn i kulturen til Sognenett – som fleire gongar har blitt kåra til best i landet på kundeservice – sist i 2024.
For Ola er god kundeservice noko han tek stoltheit over å ta del i:
– Kunden først er hjå oss mantra nummer ein, men det kjem ikkje av seg sjølv, det er ein kultur som me har opparbeida oss over tid. Det handlar om å lytta, finne løysingar – og vera til stades. Ein må rett og slett bry seg. Og det føler eg folk her gjer.
- Det kjenst meiningsfullt å kunne hjelpa folk å løysa problem, og ofte er kundane veldig hyggjelege og takksame også, så slik sett er det vinn-vinn, seier han.
Ola seier han har funne draumejobben: - Eg ønskjer å vera her så lenge eg kan.
No står att seks månader av lærlingtida, og trass den unge alderen har Ola førebels få planar om å røre på seg med det første, men med eitt atterhald:
– Det kan jo henda eg må i militæret ein tur, men utanom det har eg lyst å vera her så lenge eg kan. Det kjenst ut som eg har draumejobben – og det er det ikkje alle som kan seia. Slik sett kjenner eg meg veldig heldig, avsluttar han.