Bli med på SognaCon!
Det er mykje å gleda seg til når SognaCon går av stabelen for andre gong, siste helga i februar! Foto: SognaCon
Laurdag 28. februar og søndag 1. mars skjer det igjen når SognaCon tek over Sogndal Kulturhus i to heile dagar med gaming, cosplay, brettspel, rollespel, anime, e-sport og mykje meir på agendaen.
Det er andre gongen arrangementet går av stabelen, og Sognenett stiller med eigen gaming-lounge!
– Behovet for sosiale møteplassar er stort innan gaming- og spelverda, fordi det ikkje alltid finst så mange naturlege fysiske arenaer å møtast på. Med Sognacon håpar me å skapa ein samlingsplass der folk med desse - kanskje ikkje like mainstream interessane - kan møtast i felleskap og sjå at ein ikkje er åleina om det, seier eventsjef Pelle Hågvar.
Pelle Hågvard har utvida programmet frå ein til to dagar - og håpar på minst like godt oppmøte som i fjor. - Helst fleire, me må jo sikta høgt, seier han. Foto: SognaCon
Med nærare 2000 besøkande innom dørene i fjor kunne ein raskt slå fast at arrangementet vart ein suksess – og dekka eit behov:
- Det var moro å sjå kor mange som dukka opp frå alle krikar og krokar av landet. Me hadde folk frå Begren, trondheim, stavanger, austaføre – og til og med nokon som kom heilt frå Harstad. Det syner litt om interessa for dette.
Utvida program
Årets program byr på eit breitt spekter av aktivitetar, underhaldning og føredrag - og er utvida frå ein til to dagar etter tilbakemelding og ønskje frå deltakarar i 2025.
– Programmet i år er minst like variert og spennande som i fjor – om ikkje betre. Me fekk klare signal om at folk ønskte meir, så då vert det meir av alt, seier Hågvar.
Programmet kan sjå her, på SognaCon sine nettsider.
Ein av bidragsytarane inn mot arrangementet er Sognenett-tilsett Stefan Carter. Han peikar på at ikkje alle har idrett eller andre organiserte fritidsaktivitetar som naturlege sosiale arenaer, men at behovet for ein samlingsplass stort sett er det same for ungdom og folk flest - uavhengig av kva ein interresserar seg for.
Stefan Carter er miniatyr-entusiast og bidreg som frivillig under SognaCon. I år planlegg han 3 rundar med miniatyr-cowboyspelet «Dead by lead». Foto: SognaCon
– Mange av desse hobbyane som ein ser på SognaCon er eigentleg veldig sosiale og skjer saman med andre, men mykje av aktiviteten – som til dømes med gaming, føregår bak ein skjerm og det er fort ein kan kjenne seg litt meir isolerte og kanskje einsame som følgje av dette. Då er det viktig å ha møteplassar der ein faktisk kan møtast ansikt til ansikt, seier Carter.
Gratis og ope for alle
SognaCon er gratis og ope for alle, med hovudfokus på ungdom i alderen 12–18 år – men arrangementet er lagt opp slik at heile familien kan ta turen.
SognaCon er for alle, store og små - og inngangen er gratis! Foto:SognaCon
– Det er viktig for oss at terskelen er låg for å delta. Me tener ikkje pengar på dette, og gratis inngang hadde ikkje vore mogleg utan bidrag frå støttespelarar som Sognenett, seier han.
Ser me deg på SognaCon 28. februar og 1. mars? Det håpar me!