Informasjon om datainnbrot hjå Telia
Telia Norge har blitt utsett for eit datainnbrot der kundedata har kome på avvegar. Undersøkingane så langt viser at det gjeld namn, adresse, e-postadresse, telefonnummer og fødselsdato til privatkundar som har TV frå Telia.
Pressemelding frå Telia: Telia informerer om oppdatert omfang av datainnbrudd
Telia ser svært alvorleg på hendinga og har sett inn betydelege ressursar for å handtere situasjonen. Det er allereie gjennomført tryggleikstiltak for å redusere risikoen for misbruk av kundedata. Telia samarbeider tett med relevante styresmakter, og saka er meldt til politiet og er under etterforsking. Sognenett er også i tett dialog med Telia i denne saka.
Sidan Telia er leverandøren til Sognenett på TV-tenester, kan du som kunde hjå oss også vere omfatta.
Du som kunde treng ikkje å gjere noko no, men me oppmodar alle om å vere ekstra merksame på eventuelle svindelforsøk: https://www.telia.no/trygghet/svindel/
Me beklagar på det sterkaste dei ulempene og den belastninga hendinga kan medføre for deg.
Du finn meir informasjon om datainnbrotet, samt råd og tips for å unngå svindel, på nettsidene til Telia:
https://www.telia.no/hjelp/datainnbrudd/
Me vil halde deg oppdatert dersom det kjem ny og relevant informasjon.
Vennleg helsing
Sognenett