Ny tilsett i Sognenett

Sognenett satsar stort på utbygging av godt internett i Sogn. For å få til dette har me satsa på lokale arbeidsplassar med kompetanse innanfor vårt fagfelt. Denne månaden vart driftsavdelinga utvida med ein ny seniorkonsulent innanfor nettverk, og me ynskjer Renate Nesse hjarteleg velkommen heimatt til Sogn!

- Me er veldig glad for å ha Renate med på laget og såg tidleg at ho var ein som kunne passe godt inn i hjå oss. Relevant kompetanse innanfor vårt fagfelt er ikkje alltid lett å finna utanfor storbyane, men her fekk me ein god match, seier dagleg leiar Ole Petter Hatlevoll.

Renate har dei siste åra jobba som systemingeniør hjå Cisco i Oslo, med vekt på oppfølging av større kundar og rådgiving innan nettverk, nettverksarkitektur og utstyr for utbygging av både kabelnett og fiber. Tidlegare har ho jobba i Det Norske Veritas med mellom anna risikostyring innan telekom- og finans sektoren, samt hatt nokon år i Siemens med rådgivning og teknisk støtte innan mobilt nettverk.

- Eg trivst utruleg godt med nettverksfaget og tykkjer det er fantastisk at eg får moglegheita til å jobba med dette her heima i Sogn. Sognenett er eit selskap som tenkjer stort og har ambisjonar, noko som gjenspeglast i stoltheita til dei som jobbar her. Som nytilsett har eg vorte godt motteken og gler meg til det som skjer framover, fortel Renate. – At hovudkontoret ligg i Sogndal er også ein ekstra bonus. Eg har alltid vore aktiv og glad i friluftsliv, og no er det endeleg kort veg til fantastiske fjell- og toppturar heile året!

 
 
Forrige
Forrige

Sognenett er til å lita på

Neste
Neste

Lerum handlar lokalt – også på internettenester