Sognenett er til å lita på

Optikar Kjell Magne Talleraas i Sogndal.

Optikar Kjell Magne Talleraas i Sogndal.

Optikar Kjell M. Talleraas har vore kunde hjå Sognenett sidan han etablerte seg i Sogn for tre år sidan, og er godt nøgd med internettenestene han kjøper hjå oss. Med kontor- og butikklokale i Lærdal, Sogndal og Vik er han heilt avhengig av god og stabil tilgang til nettet.

- Ja, eg har både kassaapparat og datautstyr på alle tre plassane, så då må ting fungera, seier Talleraas.

Han kjem frå Dovre og trivst godt i landlege Sogn. Ei stund hadde han også butikk på Leikanger, men nærleiken til Sogndal gjorde at han valde å konsentrera drifta der, der han leiger lokale i skysstasjonen.

- Eg kan ikkje seia noko anna enn at eg er godt nøgd med tenestene frå Sognenett. Det er når nettet ikkje fungerer ein vert irritert, og så langt kan eg ikkje minnast at eg har hatt trøbbel med nettet ein einaste gong, seier han.

Viss du klikkar deg inn på heimesida hans, optikaren.no, finn du ei side med flott nynorsktekst. Her kan du også klikka deg inn på eit ikon der du får lest opp sida med lyd. Sjølvsagt eit veldig bra hjelpemiddel for svaksynte. Også denne stemma har flott nynorskdialekt.