Kva skjer når alle jobbar heimefrå?

Hjemmekontor.JPG

Skule- og arbeidskvardagen til mange vart brått snudd på hovudet i førre veke. Mange måtte hiva seg rundt og innreie eit heimekontor og kobla seg opp på internett for videokonferansar, statusmøter og skuletimer. Så, kva skjer eigentleg med internettet når ein slik bølge av trafikk skyller over nettet?

Heldigvis for dykk: Ingenting!

Me i Sognenett vart akutt stresstesta på kor god kapasitet me verkeleg har. Førebudd veit me at me har vore, men det er noko anna å sjå det i verkelegheita.

For at eit nett, lik det me har i Sognenett, skal tåla pågangen me no opplever er det, enkelt sagt, tre hovudpunkt som har stor betydning her:

Utstyret må vere på plass

Hjå vår tekniske avdeling har dei alltid vore tydelege på at me treng stabilt, framtidsretta og godt utstyr for å hanskast med eit stadig aukande internettbehov. Sjølvsagt er det artig med det nyaste og kraftigaste utstyret, men skal me kunne levere internett til deg døgnet rundt er det nettopp dette utstyret me må syte for å ha tilgjengeleg.

Trafikken må flyte

Jo kortare veg det er å sende trafikk, jo mindre sjans er det for at noko går gale. Difor har Sognenett fleire vegar me kan dirigere trafikken. Sjå gjerne på oss som trafikkdirigentar som syter for at trafikken flyt fint, uten trafikkork. Om noko skulle gå gale på den eine motorvegen, omdirigerer me trafikken ein anna veg – Alt mens du gjer det du må på nett.

Posten skal fram!

Det er lite hjelp med berre èin fil på kvar motorveg når trafikk som dette treff oss. Difor må me syta for å alltid ha kapasitet til rådigheit. Har du tenkt på kva som skjer hvis kapasiteten vert overbelasta? Då skjer det eit pakketap. Det vil sei at datapakkar som sendast ikkje kjem igjennom. Såleis vert dei sendt i «retur» og må sendast på nytt. Dermed er me ikkje berre trafikkdirigentar, men postmenn òg! Om ein pakke ikkje når fram har lita betydning for vanleg surfing på websidar og epost. At pakka ikkje har nådd frem vert først synleg om du til dømes jobbar heimefrå, har lyd / videosamtalar, spelar spel online eller sit i ein skuletime og direktestraumen kuttar.

Me tok pulsen på tingenes tilstand førre torsdag. Da var me opp i 250% økning i forhold til normalen. Litt av ein trafikk me har opplevd på motorvegen, er det ikkje? 😉

Forrige
Forrige

I samarbeid med Get utvidar me TV-tilbodet og byr på enda meir innhald

Neste
Neste

Hemmelegheita i Sogn