Hemmelegheita i Sogn

Aurland 29|2

Aurland 29|2

Lunt plassert blant fossebrus og bratte fjell finn du ein av Sogn sine skjulte perler; Aurland 29|2.

Hotellet fekk namnet sitt etter gards-og bruksnummeret på garden og har hausta mykje omtale frå utanlandske media som Forbes, New York Times og Australa  Financial Daily, men er merkeleg nok ikkje like kjend blant oss i Sogn. Eg køyrer opp til hotellet, over den vetle brua og inn Tokvamsvegen i Aurland. Gamle bygg er blanda med moderne arkitektur, ei lita boble av historikk og særpreg.

Hotellet sin eigar og sjef, Tone, svingar inn like etter meg, ho har nettopp holdt foredrag i Flåm for Innovasjon Norge.

Det er tydeleg at Tone set pris på lokalt samarbeid. Saman med andre lokale aktørar i Verdsarvområdet Nærøy og Aurlandsfjorden, er 29|2 Aurland ein del av alliansen SAKTE.

aurland_fjord2.jpg

-          Alle me i SAKTE ynskjer å vise kultur-og naturverdiane me har her i området. Men me ynskjer òg å gjere det på ein berekraftig og skånsam måte, for her i Sogn er det naturen som dreg turistane til Aurlands- og Nærøyfjorden.  

Stopp opp og nyt

Hotellet ligg i det som no er 4. største turistdestinasjon i Noreg. Tone fortel entusiastisk om kva visjonen for Aurland 29|2 og området er.

-          I verdssamanheng har me Amazonas som er den grøne lunga. Kvifor kan ikkje Aurland bli det grøne hjartet? Me som bur her kan fort gløyme kva fantastiske omgjevnader som er rundt oss. For ein familie frå Storbritannia eller USA er det magisk å berre kunne vere i fred, plukke villbringebær og høyre på fossen bruse. Om kvelden blir gjestane gjerne ståande utanfor og berre sjå opp. For her kan dei sjå stjernehimlen blinke, fritt for lysforureining.

Instabilder_Hygge12.jpg

Sognetradisjonen er i høgsetet her på hotellet, som før i tida var ein gard. Tone fortel at dei no skal utvide grønsakhagen med 300 kvadratmeter og bli mest mogleg sjølvberga. Dei får hjelp frå studentane på den lokale økologiske landbrukshøgskulen, SJH. I årevis har britar valfarta til Aurland for flugefiske, for Aurlandselva var blant dei tre beste i verda for fisking av sjøaure.

Fjellaure med langouistinesaus

Fjellaure med langouistinesaus

-          Me serverer aldri oppdrettslaks, men fjellaure til gjestane sidan vi har kjempa ein lang kamp for å ta vare på fisken i elva. Det er den lokale naturen, historia og kulturen vi vil dele med gjestene våre. Her kan dei ro i Sognebåtar, besøke lokale stølar og handtverkarar, og få ein fossetur med lokale guidar som me samarbeider med.

Tone fortel at Aurland har eit djupt, urnorsk preg, og det er noko gjestane opplever som spennande.

-          Fjord betyr ferd. Den var vikingane sin «highway»  og dei første vikingane på Island kom frå Aurland og segla ut fjorden her. Dette er historier me passar på å fortelle gjestane våre. Huldresegnene og det å bli bergteken, og! For omgjeve av fjell er vi alle på eit vis «bergtekne» her inne.  Gjestene må få moglegheita til å oppleve både naturen, men òg historia Sogn. Då må dei bruka meir enn ein dag her. Det er berekraftig turisme i praksis som gjev ringverknader i lokalsamfunnet.

Raskt nett, sakte opplevingar

Som ein lidenskapeleg utviklar av sakteturisme valde Tone og familien å ikkje tilby TV eller internett til gjestane sine. Her skulle dei finne roen, kopla av og nyte tida her og no.

-          Me såg oss nøydd til å oppretta eit gjestenett. Eit av dei første spørsmåla me får, spesielt frå dei med tenåringsborn, er gjerne «Kva er wifi-passordet?». Dessutan hadde me nokre problem med betalingsløysinga vår, men etter at Sognenett kopla oss opp på fiber har det problemet forsvunne. Skal me framstå som proffe aktørar må me ha eit nett som let oss ta i mot førespurnadar og betale alt som skal betalast «online».

- Me er alle bergtekne her inne, seier Tone

- Me er alle bergtekne her inne, seier Tone

På spørsmålet om kva som er framtida til 29|2 Aurland peiker Tone mot låven.

-          Me har fått namnet vårt ut i dei store media. Samstundes er me ein godt bevart hemmelegheit her i Sogn. 29|2 Aurland ynskjer å gje innbyggjarane, og næringslivet i Sogn moglegheita til å gjere eit djupdykk i eigen kultur og natur. Snart set me i gang med å byggje ut låven, der planen er å kunne ha litt større plass til kulturarrangement. Vi hadde ein GÅ-festival som trakk 1000 besøkande, og slikt vil vi gjere meir av. Men for små grupper har vi meir enn plass nok! Og ikkje minst: hjarterom.

Forrige
Forrige

Kva skjer når alle jobbar heimefrå?

Neste
Neste

Forhandlingar med Discovery