Forhandlingar med Discovery

Kjære kunde. Me jobbar alltid for å gje deg og dine best mogleg innhald, kvalitet og valmoglegheiter av TV-innhald. Akkurat no pågår det forhandlingar mellom Telia/ Get og ein av deira leverandørar; Discovery. Akkurat no er det diverre ein risiko for at me ifrå den 3. mars ikkje lenger kan vise Discovery-kanalar. Her forklarar me kvifor og gjev deg svar på dei vanlegaste spørsmåla me trur du lurar på. På denne sida vil du fortløpande finne oppdatert informasjon.

Spørsmål og svar


Kvifor skjer dette?

Dette er ein veldig kjedeleg situasjon, og me er veldig lei oss for problema dette kan skape for deg!

Me kan ikkje gå i detaljar kring Telia / Get sin avtale med Discovery, men me jobbar heile tida for å gje deg det mest fleksible TV-tilbodet der du sjølv fritt kan velje kva du vil sjå, og korleis du ynskjer å sjå det. Anten det er framfor TV’en heima, eller på farten.

Get var dei første som introduserte ein poengbasert valmeny der du sjølv kunne sette saman din eigen TV-pakke og velje blant eit stort utval straumetenester og TV-kanalar.

Forslaget fra Discovery vil begrense valfriheita for deg som kunde og det kan me sjølvsagt ikkje akseptere. Telia / Get halder fram dialogen med Discovery og me håpar dei kjem til enigheit om gode vilkår.

Kva skjer viss dei ikkje kjem til enigheit?

Målsetnaden for begge partar er sjølvsagt at dei skal verte einige. Viss dei ikkje kjem til enigheit vil me diverre ikkje kunne vise Discovery sine kanalar i vårt tilbud frå 3. mars. Dette vil påverke fylgjande kanalar: TV Norge, MAX, FEM, VOX, Eurosport-kanalane, Discovery Channel, Animal Planet, TLC, Travel Channel, Discovery Science, Investigation Discovery, Food Network, Fine Living Network.

Vert det ikkje einige innan fristen, vil me kompensere dykk med anna innhald i den aktuelle perioden. Me kjem tilbake med meir info angåande dette viss det skulle bli aktuelt. Du vil òg finne oppdatert informasjon på denne sida.

Kvar kan eg henvenda meg viss eg har fleire spørsmål?
Du finn alltid oppdatert informasjon her på denne sida. Du er sjølvsagt velkomen til å snakke med kundetenesta vår på Chat, mail eller telefon.

Forrige
Forrige

Hemmelegheita i Sogn

Neste
Neste

Falske konkurransar, svindelforsøk og "support"