Har du fått falske truslar og utpressingskrav på mail?

Dei dukkar opp med jamne mellomrom: Tvilsame e-postar om at nokon har tatt kontroll over maskina di, at dei har fått innsyn i kva du driv med, eller at du kan vinne flotte premiar ved å vere med på ein spørjeundersøking.

I månadsskiftet februar / mars har nokre av våre kundar fått e-post om truslar og utpressingskrav. Det kan òg dukke opp pop-up melding/førespurnader om å delta i konkurranse eller spørjeundersøking for å vinne eit produkt.
Sognenett sitt namn har tidlegare vorte brukt i samband med nokre av desse svindelforsøka, men det er ikkje Sognenett som står bak. I nokre høve kan det vere at du har installert eit program på datamaskinen din som gjer at du får opp slike førespurnader.

Når våre konsulentar tek kontakt med kundar vil me alltid introdusere oss med eige namn og synleg telefonnummer. Telefonnummer som me nytter er også alltid registrert på Sognenett.

Her kjem me med nokre tips på korleis kjenne att svindelforsøka:

  • urealistiske premiar

  • falsk nettstad eller Facebook-side

  • krav om å legga att kort- eller personnummer eller utføre betaling med lenke til nettstad.

  • ukjende eller utanlandske telefonnummer

Me oppmodar om at ein alltid er skeptisk til å gi kredittkortopplysningar og anna personleg informasjon på nett eller over telefon. Sognenett har ikkje aktivitetar kor me ber om ditt kredittkortnummer og/eller personnummer. 

Dersom du har oppgjeve kredittkortinformasjon i høve slike henvendingar, oppfordrar me deg til å ta kontakt med banken din. 

Har du fått opp tilfeldige førespurnader om å bli med på spørjeundersøkingar?

Denne artikkelen kan då vere nyttig lesing: https://malwaretips.com/blogs/survey-com-annualsurvey-info-removal/

Me gjer merksam på at me ikkje kan garantere innhald på eksterne nettstadar. Vis forsiktigheit når du installerer noko nytt på datamaskinen din dersom du er usikker.

 


 

 
MicrosoftTeams-image (15).png

Døme på falsk konkurranse (skjermdump frå juni 2021)

Forrige
Forrige

- Det er grasrot, det er dugnad og det er for alle!

Neste
Neste

Sykkelanlegg på Kaupanger