- Det er grasrot, det er dugnad og det er for alle!

Tkrok.jpg

Skisesongen er over for denne gong, og for Heggmyrane vart det ein sesong fylt med opp- og nedturar. Me har tatt ein prat med to av dei involverte hjå skisenteret, Runar Tørvi og Rikke Vidde Westvig.

-          Sesongen 20/21 er ei av dei mest utfordrande sesongane me har hatt i Sogn Skisenter. Me har tidlegare kunna starta opp i god tid før jul, men i år starta me snøproduksjonen på sjølvaste julafta. Det kan eg ikkje hugsa å ha gjort før, seier Runar Tørvi, driftsjef hjå skisenteret.

Driftsjefen har rett i at vèret ikkje spilte heilt på lag i år. Ein iskald og tørr januar sytte for å halde puddersnøen vekke, før ein mild februarmånad tok med snøen og gjorde det utfordrande att. Difor smakte det ekstra godt med ein flott avslutning på sesongen.

-          Arbeidslaget og alle dei frivillige skal ha skryt for å ha stått på dag og natt for å halde bakkane bra. Me er utruleg glade for at me fekk den beste avslutningshelga me kunne håpa på. Endeleg fekk folk den skikøyringa Sogn Skisenter er så kjend for!

Viktig for folket

Rikke Vidde Westvig fortel om gode meldingar frå vaksne og unge om kor viktig skisenteret har vore i ei tid med strenge tiltak.

-          I ein utfordrande sesong har eg vore så heldig å få sitje i det leddet som ser kor mykje skisenteret betyr for folket. Me har fått meldingar om at skisenteret har spelt i eksepsjonelt viktig rolle i å vere eit trygt aktivitetstilbod til båe unge og vaksne som har trengt litt luft innimellom tiltaka.

Hjå eit skisenter drifta på dugnadsånd og pudderkjærleik har det vore viktig å halde motet oppe, sjølv når puddersnøen lot vente på seg.

-          Det har vore så fint å sjå alle smila, og i kor stor grad folk ynskjer å dele skiglede med kvarandre. Den gleda folk har delt har eg sendt rett til Drift og Dugnad slik at dei også ser at innsatsen vert satt pris på.


Det vart heldigvis nokon slike dagar i år òg. Foto: Vegard Aasen

Det vart heldigvis nokon slike dagar i år òg.
Foto: Vegard Aasen

Stemningsrapport

Kafèen hjå skisenteret fekk nye drivarar før sesongen. Esso Haflso tok på seg arbeidet med å leggje til rette for eit godt kafètilbod hjå skifolket.

-          Trass strenge covid-restriksjonar og snømessige utfordringar, har dei nye drivarane gjort sitt aller beste for å ha eit godt tilbod av god mat. Kafeen er, og skal alltid vere, storstova hjå Sogn skisenter. Der skal folk kjenne seg velkomne når dei treng ei velfortent pust i bakken.

Pudderglade Adam Gairns var èin av dei som fekk nytta bakken før det stengde.

-          Dei siste to helgane har vore ordentlig artige! Her fekk med moglegheit til å køyra skikkelig pudder, men også litt slush-føre. Sognaheisen fekk seg eit artig løft med Sognenett-profileringen. Kanskje dukkar det opp ein Sognenett-stolheis i framtida?


Heggis er meir fart, meir moro

Sesongen 20/21 vart også den første der Sognenett var med som samarbeidspartnar. Med høghastigheits-fiber i kafeen ligg alt til rette for fart og moro hjå skisenteret, i bakken og på nett. Rikke er også eigar av VIDDE Design, og i den anledning slo ho seg laus på profileringa til Sognenett i bakken.

-          Heggis er ærlige, beint fram, prøver ikkje å vere noko ein ikkje er. Det er grasrot, det er dugnad, det er hygge og det er for alle. I tillegg so er Heggis faktisk Noregs beste frikøyring frå heis når snøforhalda er der. Når skisenteret inviterer til god skikøyring, i ei av Noregs raskaste tallerkenheisar, vel då er det Meir fart, Meir moro!

Og det er tydeleg at folket vil ha fart og moro. For andre året på rad har alpingruppa meir enn dobla seg, eit prov på at det gror godt hjå alpinmiljøet i Luster. Det lovar godt for neste sesong hjå frikøyrarane i Heggis, og Sognenett gler seg allereie til snøleik og høg trivselfaktor.

Forrige
Forrige

Sognenett har Noregs beste kundeservice!

Neste
Neste

Har du fått falske truslar og utpressingskrav på mail?