Korleis plasserer eg forsterkarane?

Plasser forsterkarane nær utkanten av dekningsområdet til ruteren.
Eit tips er å ikkje plassere dei heilt i utkanten. Finn ein eigna stad der signala framleis er gode.

Leik deg litt!

Eit anna tips er å eksperimentere med ulike plasseringar. Sjekk hastigheita ved å plassere forsterkarane i ulike rom. Ofte er det berre små justeringar som skal til før heimen er fylt opp med fart og moro!

Pass opp for fartsbremsene

Trådlause nettsignal vert svekka over større avstandar. Om signala i tillegg må gjennom vegger eller golv vert det vanskeleg å halda signala sterke.

Her er nokre av dei mest vanlege fartsbremsane i Sogn:

  • Golv med varmekablar eller vannbåren varme

  • Golv og vegger av betong eller murstein

  • Peis og pipeløp

Om ein framleis slit med dårleg dekning kan nokre av signaltjuvane vere anna elektronikk. Eksperiementèr med å slå av elektronisk utstyr for å lokalisere kvar tjuven gøymer seg! Når du har funne tjuven er det berre å flytta på han, eller forsterkaren, litt.