BETRE PRISAR MED KOLLEKTIV AVTALE

Bur du i eit sameige eller burettslag med over 10 bueiningar? Då kan det vera lønsamt for alle å få oppretta ein kollektiv avtale. Sognenett er størst på fiber i Sogn og det er stor sannsynlegheit for at fleire av dine naboar er allereie kunde hjå oss.

Med kollektiv avtale får dykk endå betre prisar på internett og TV.

Full fart til kvar bueining

Me tilbyr fiberabonnement med ekstrem fart, eller fart tilpassa basisbehova. Den kollektive avtalen kan bestå av pakkepris på internett og Telia Pla,y eller berre internett.

Den kollektive avtalen kan tilpassast etter burettslaget eller sameigets behov, med full fleksibilitet for alle bebuarane. Dei kan sjølv velja blant innhald og strøymetenester som er inkludert i Telia Play sitt univers.

TV-signala frå Telia vert levert gjennom fiberkabelen som eit stabilt og driftsikkert alternativ.

Du kan endre TV-pakken så ofte du vil - utan ekstra kostnad.

Individuelle oppgraderingar

Kvar einskild bebuar kan valfritt oppgradere farten på sitt abonnement når ein sjølv ynskjer det. Alle oppgraderingar som kjem i tillegg til grunnpakka vert fakturert direkte til bebuaren. Dette gjeld både hastigheit og innhald i Telia Play.