Rådgjevingstenester

Betre prosessar. Betre oversikt. Betre lønsemd.

Me hjelper verksemder med å finne betre og meir effektive måtar å arbeide på. Målet er å redusere unødvendig tidsbruk, gi betre oversikt og få meir ut av systema og ressursane i bedrifta.

Det kan handle om alt frå arbeidsprosessar og vareflyt til rapportering, ERP, automatisering, integrasjonar og kunstig intelligens.

Me startar ikkje med teknologien. Me startar med korleis verksemda arbeider i dag – og kvar det finst potensial for å jobbe smartare.

Eg vil gjerne vite meir

Kvar kan bedrifta jobbe smartare?

Arbeidsprosessar og system utviklar seg gjerne litt etter litt. Etter kvart kan det føre til manuelle rutinar, dobbeltarbeid, informasjon som ligg fleire stader og system som ikkje fungerer godt nok saman.

Ofte finst det moglegheiter for å arbeide både enklare og meir effektivt.

Me kartlegg korleis verksemda jobbar i dag, kvar tid og ressursar blir brukte og kvar det finst potensial for forbetring. Deretter ser me på kva tiltak og løysingar som kan gi størst verdi.

Det kan starte med nokre enkle spørsmål:

Dette kan me bistå med

  • Effektivisering av arbeidsprosessar: Me kartlegg arbeidsflyt og ser etter flaskehalsar, dobbeltarbeid og oppgåver som kan forenklast eller automatiserast.

  • Automatisering og integrasjonar: Me får system og arbeidsprosessar til å fungere betre saman. Det kan redusere manuell registrering, spare tid og redusere risikoen for feil.

  • ERP og forretningssystem: Me hjelper med å vurdere, etablere og vidareutvikle system som støttar arbeidsprosessane og gir betre kontroll på drifta.

  • Styringsinformasjon, rapportering og analyse: Me hjelper med å gjere data om til nyttig informasjon, slik at verksemda får betre oversikt og eit betre grunnlag for avgjerder.

  • Kunstig intelligens: Me vurderer kvar kunstig intelligens kan gi reell nytte i verksemda – til dømes ved å effektivisere oppgåver, hente ut informasjon eller støtte eksisterande arbeidsprosessar.

små endringar. stor effekt.

Gode forbetringar treng ikkje starte med store prosjekt. Me finn moglegheitene som kan gi betre flyt, betre oversikt og meir effektiv drift.

Det treng ikkje vere eit stort prosjekt

Forbetring kan starte med éin arbeidsprosess som tek for lang tid. Ein rapport som er tungvint å lage. Informasjon som må registrerast fleire gonger. Eller eit system bedrifta ikkje får nok ut av.

Me kan starte med å kartleggje ei konkret utfordring og finne ut kvar det er mest å hente.

Nokre gonger er løysinga ei mindre justering. Andre gonger kan automatisering, integrasjon mellom system eller nye digitale verktøy gi større gevinst.

Felles for arbeidet er at teknologien skal løyse eit faktisk behov.

Frå utfordring til forbetring

Me tek utgangspunkt i verksemda slik ho fungerer i dag, og følgjer prosessen frå kartlegging til gjennomføring og vidare utvikling.

Kan bedrifta jobbe enklare og meir effektivt?

Har verksemda prosessar som tek for mykje tid, system som ikkje fungerer godt nok saman eller informasjon som ikkje gir den oversikta de treng?

Me tek gjerne ein uforpliktande prat om korleis de arbeider i dag – og kvar det kan finnast potensial for å gjere ting enklare, smartare og meir effektivt.

Kontaktpersonar