Eit sikrare nettverk for bedrifta

Digitale truslar kjem ikkje berre gjennom e-post og PC-en. Nettverket som alle einingane er kopla til, er også ein viktig del av sikkerheita i bedrifta.

Med Administrert Nettverk frå Sognenett får bedrifta sikkerheit i fleire lag.

Brannmur som overvakar trafikken

Ein FortiGate bedriftsbrannmur overvakar trafikken inn og ut av nettverket og bidreg til å beskytte mot kjende digitale truslar, skadelege nettsider, botnett og uønskt trafikk.

Sikkerheitsfunksjonane og trusseldatabasane blir haldne oppdaterte, slik at bedrifta ikkje sjølv må passe på at vernet er oppdatert.

Ikkje alle bør vere på same nett

Ein PC som blir brukt av ein tilsett, eit kamera, ein skrivar og telefonen til ein gjest har ulike behov – og bør ikkje nødvendigvis ha tilgang til kvarandre.

Derfor deler me som standard nettverket inn i fire soner:

  • Brukar – PC-ar, telefonar, serverar og arbeidsverktøy

  • Gjest – internettilgang skilt frå resten av bedriftsnettet

  • IoT – til dømes kamera, skrivarar, møteromssystem og ladestasjonar

  • Teknisk – nettverksutstyret Sognenett administrerer

Dersom ei eining blir kompromittert, bidreg denne oppdelinga til å avgrense kva ho kan få tilgang til vidare i nettverket.

Sikkerheit må haldast oppdatert

Nye sårbarheiter og digitale truslar oppstår heile tida. Derfor er ikkje sikkerheit noko ein bør konfigurere éin gong og deretter gløyme.

Sognenett overvakar nettverksutstyret og sørgjer for nødvendige firmware- og sikkerheitsoppdateringar. Me tek også backup av konfigurasjonen, slik at oppsettet kan gjenopprettast dersom noko skulle skje.

Med Administrert Nettverk får bedrifta ikkje berre sikkerheitsutstyr – ho får ei sikkerheitsløysing som blir følgd opp over tid.

Kontakpersonar