Kven er me?

Sognenett Bedrift er ein nyetablert totalleverandør av internett og IT-tenester, med sterk lokal forankring og fotfeste i Sogn.

Me heiar på lokal verdiskaping og ønskjer å gjere den digitale kvardagen enklare, tryggare og meir føreseieleg for kundane våre. For oss skal det vere både trygt og klokt å handle lokalt. Når du vel ein lokal leverandør, får du ikkje berre fiber, nettverk og IT-tenester. Du får ein samarbeidspartnar som kjenner regionen, forstår kvardagen til bedriftene her, og som er tett på når du treng hjelp.

Gjennom ei samla portefølje av fiber, nettverk, IT-drift og rådgjeving hjelper me små og mellomstore bedrifter med løysingar som fungerer i praksis, både i det daglege og når behovet endrar seg.

For oss handlar teknologi ikkje berre om kablar, system og support. Det handlar om å vere tilgjengelege, forstå verksemdene me jobbar med, og kunne stille opp når noko hastar. Med lokal kunnskap og kort veg til hjelp skal Sognenett Bedrift vere ein naturleg støttespelar for bedrifter i Sogn, anten det gjeld trøbbel med datamaskina, ustabilt nettverk eller behov for betre digitale løysingar.

Tilsette

Tore

Daglig leiar

Svein Ove

Salsleiar

Odd inge

Senior IT konsulent

Lars Andreas

Senior IT konsulent

Magne

Senior IT konsulent

Jan ove

IT Konsulent

Andreas

IT Konsulent

Joar

IT Konsulent

Stefan

IT Konsulent