Bedriftsvilkår

Abonnementsvilkår for Sognenett sine bedriftskundar
Gjeldande frå 01.01.2020.

  • I det fylgjande er uttrykket «Kunde» meint den fysiske eller juridiske eining/person som har teikna abonnement hjå Sognenett. «Brukar» er ein fysisk eining/person som anten er identisk med Kunden eller som Kunden har late få tilgang til abonnementet. Kunden er ansvarleg for alle brukarar og at desse etterlev avtalevilkåra. Tenesta levert av Sognenett tilhøyrer Kunden og kan ikkje overdragast utan skriftleg godkjenning av Sognenett. Kunden har ikkje rett til å vidareselje Internett Aksess til tredje person.

  • Desse generelle vilkåra gjeld for avtalen som er teikna mellom Sognenett og Kunden om tenesta spesifisert i kontrakta frå Sognenett. Gjennom tenesta får Kunden tilgang til Sognenett via ein fast oppkopla forbinding frå Kundens tilknytingsadresse til ein ruter som er tilknytt Sognenett sitt IP-nett. Tenestas bandbreidde blir angjeve i ordrestadfestinga og kontrakta. I tenesta inngår, i tillegg til abonnementet, kundeplassert utstyr som er angjeve i avtala. Tenesta leverast i overeinstemming med den tekniske spesifikasjonen som gjeld til einkvar tid. Avtala omfattar ikkje leveranse av lokalnett. Einkvar avtale om tenester levert av Sognenett skal inngåast skriftleg.

  • Avhengig av telenettets utbygging kan tenesta i visse deler av Sogn og Fjordane fylke ikkje leverast til angitt pris med dei tekniske ytingar som er angitt i den tekniske spesifikasjonen. For å finne ut om det er tilfelle, må det gjerast ei teknisk utgreiing. Sognenett skal innan fire veker etter at avtalen er underteikna underrette Kunden dersom leveranse ikkje kan skje. Dersom leveranse ikkje kan skje på grunn av omstende som ikkje skildrast i første avsnitt, kan Sognenett dersom Kunden ynskjer det leggje fram eit kostnadsoverslag for ei alternativ løysing. Dersom Kunden ikkje godtek Sognenett sitt kostnadsoverslag og partane ikkje kan bli einige om alternativ løysning, gjeld ikkje avtalen lenger, og den eine part har ikkje rett til nokon erstatning frå den annen part i samanheng med at avtala ikkje lenger gjeld.

  • Avtalen: Sognenett og Kundens avtale om teneste frå Sognenett (bestillingsskjema / ordrestadfestinga) Teneste: Den teneste som Sognenett skal levere til Kunden, går fram av avtalen/kontrakten Teknisk spesifikasjon: Framstilling av tenestas innhald og tekniske løysningar Kundeplassert utstyr: Utstyr som er plassert hos Kunden, men er eigd av Sognenett. Kundeplassert utstyr er angitt i avtalen som f.eks. ruter. Lokalnett: Kundens lokale nettverk, dvs. nettverk som kjem etter det kundeplasserte utstyret frå Sognenett. Dette kan typisk være nettverket som forbind pc-ar med kvarandre i kundens lokale.

  • Om ikkje anna er avtalt, er avtaletida for avtala satt til 3 år. Dersom ikkje avtala er sagt opp innan 3 månadar før utløp av bindingstid, vil avtala automatisk verte forlenga med 1 år. Ved forlenging av avtaleperiode (utover bindingstid) gjeld gjensidig oppseiingstid på 3 månadar. Oppseiing må leverast skriftleg. Avtalte priser skal kvart år 01. juni justerast med endringar i SSB sin konsumprisindeks frå føregåande år. Om ikkje anna er avtala er gjensidig oppseiingstid 3 måndadar.

  • Kunden skal velje ut og namngje til Sognenett ein kontaktperson som må ha mynde til å treffe avgjersler som er bindande for Kunden og ta i mot informasjon frå Sognenett innanfor ramma for avtalen. Eventuell utskifting av kontaktperson skal meddelast skriftleg.

  • Sognenett tildeler Kunden IP-adresser etter Kundens ynskjer. Sognenett tek atterhald om retten til å endre tildelte IP-adresser og innføre restriksjonar med omsyn til tildeling og bruk av IP-adresser i overeinsstemming med dei direktiv som utstedes av Rèseaux IP Europèens (RIPE). Slike endringar eller restriksjonar skal gjerast kjent for Kunden. Når avtalen sluttar å gjelde skal tildelte IP-adresser returnerast til Sognenett. Kundens IPadresser og eventuelle Autonome system (AS) som ikkje er tildelt av Sognenett må godkjennast av Sognenett før de kan nyttast. Sognenett syt for ruting av trafikk til og frå dei IP-adresser som er tildelt og/eller godkjent av Sognenett.

  • Sognenett atterheld seg retten til å endre tekniske systemløysningar for tenesta. Ein slik endring skal ikkje føre til at den tekniske ytinga og funksjonalitet i tenesta forringast. Endringsarbeidet skal utførast under omsyn til Kundens behov og på ein slik måte at eventuelle forstyrringar er minst mogeleg. Om ikkje anna er spesifisert i ordre eller teknisk spesifikasjon, inneheld ikkje tenesta brannmur eller tilsvarande. Sognenett tilrår at kunden skaffar seg denne type sikring.

  • Sognenett syt for oppkopling, installasjon og konfigurering av forbindinga til Internett, og til kundeplassert utstyr. Legging av tilkoplingsleidningar og anna arbeid i Kundens husvære eller lokale inngår ikkje i tenesta. Kunden syt for at koplinga mot Sognenett sitt utstyr tilfredsstiller dei tekniske krav som er angitt i den tekniske spesifikasjonen. Grensesnittet er eit LAN-grensesnitt. Kunden tek på seg etter Sognenett si tilvising å gjere klar dei lokale kva kundeplassert utstyr skal installerast og syte for elektrisk tilkopling, straum og klimaforhold. Sognenett skal gjevast tilgang til lokala i den utstrekning det krevst for at Sognenett skal kunne fullføre installasjonen og gjennomføre fleire tiltak i samband med avtalen.

  • Sognenett har rett til å utføre nødvendige avbrot, forstyrringar og endringar av leveransen som reknast for naudsyne av tekniske, vedlikehaldsmessige, eller driftsmessige omsyn. Kunden skal varslast skriftleg på førehand om tidspunkt for, og årsak til restriksjonen. Ved naudsituasjonar, herunder Force Majeure, alvorlege truslar mot helse, tryggleik og/eller miljø, naturkatastrofar, krig eller krigsliknande tilstandar, omfattande streikar og lockout, og alvorleg fare for sabotasje mot nett og tenester, har Sognenett rett til å gjennomføre følgjande tiltak;

    • Avbrot i tenesta

    • Avgrensingar av tenestefasilitetar

    • Avvike frå avtale om oppetidsgaranti

    Sognenett er utan ansvar for tap som kunde måtte bli påført som følgje av nemnte tiltak. Om oppfølginga av vesentlege delar av avtala er forhindra utover tre månadar på bakgrunn av omstende som nemnt ovanfor, har kvar av partane rett til å seie opp avtala skriftleg med umiddelbar verknad.

  • Alt kundeplassert utstyr er Sognenett sin eigedom. Kunden tek ansvar for skade på eller tap av kundeplassert utstyr frå det tidspunkt det overleverast til Kunden på den tilknytingsadresse som er angitt i avtalen. Erstatningsansvaret gjeld også Sognenett sine kostnader til demontering, reparasjon, installasjon og liknande. Dette gjeld ikkje dersom skadeårsaka er Sognenett si skuld. I forbrukarforhold kan erstatninga kun gjerast gjeldande dersom tapet eller skada skuldast forhold som kunden har ansvar for.

  • Direkte tap: Ovanfor kunde er Sognenett ansvarleg for direkte tap som skuldast manglar ved tenesta. Dette gjeld likevel ikkje dersom Sognenett godtgjer at mangelen skuldast forhold utanfor Sognenett sin kontroll, og som Sognenett ikkje rimelegvis kunne rekne seg til på førehand eller overvinne følgjene av. Ovanfor næringsdrivande er Sognenett bare ansvarleg for direkte tap som skuldast grov aktløyse frå Sognenett si side. Med direkte tap meinast nødvendige og dokumenterte meirutgifter som kunden er påført som følgje av mangelen.

    Indirekte tap: Sognenett er ikkje ansvarleg for indirekte tap som følgje av manglar. Som indirekte tap reknast;

    • Tap som følgje av minska eller bortfall av produksjon eller omsetjing (driftsavbrot).

    • Tap som følgje av at tenesta ikkje kan nyttiggjerast som venta.

    • Tapt forteneste som følgje av at ein kontrakt med tredjemann fell bort eller ikkje blir riktig oppfylt, men

    bare der kunden utan rimeleg grunn lar være å foreta dekningskjøp eller treffe andre tiltak for å unngå

    eller minske tapet.

    • Tap som følgje av skade på anna enn deler av salet sjølv og gjenstandar som brukast til framstilling av eller som har nær og direkte samanheng med rekna bruk og Sognenett sitt samla ansvar.

    Sognenett sitt erstatningsansvar er til einkvar tid avgrensa oppover til kr. 15.000,- for det enkelte skadetilfelle eller kjede av skade tilfeller med same årsak. Ansvarsavgrensinga gjeld ikkje dersom Sognenett har utvist grov aktløyse. Krav på erstatning må fremjast innan rimeleg tid etter at skaden er oppdaga eller burde vore oppdaga.

    Dersom kunden på eige initiativ set i verk tiltak ovanfor tredjepart for å rette manglar utover det som måtte vere avtalt med Sognenett, er ikkje Sognenett ansvarleg for å dekkje utgifter til slik retting.

  • Feilmelding kan sendast døgnet rundt til Sognenett si kundeteneste: kundesenter@sognenett.no

    I tenesta inngår feilretting på kundeplassert utstyr i vanlig arbeidstid.

    (virkedagar 08:00 – 16:00): 95 19 22 22

    Kunden pliktar å reklamere til Sognenett innan rimeleg tid etter at kunden har oppdaga eller burde oppdaga feil

    eller manglar ved tenesta. Før feil meldast til Sognenett bør kunden undersøkje om feilen skuldast kundens eige

    utstyr. Sognenett kan krevje dekkja omkostingar forbunde med Sognenetts feilsøking dersom kunden melder om feil som ligg utanfor Sognenetts ansvarsområde og kunden burde ha forstått dette. Den faktiske oppnådde bandbreidda og kvaliteten er avhengig bl.a. av kapasitet og belastning på Internett. Sognenett kan difor berre svare for bandbreidde og kvalitet i tenesta, dvs. frå og med kundeplassert ruter til og med den aksess-ruter som er tilknytt Sognenett sitt nett.

  • Tenesta må berre knytast til utstyr som oppfylgjer standardane IEEE 802.3 K avsnitt 14 eller IEEE 802.5

    Kunden skal, når Sognenett ber om det, skaffe informasjon om dette utstyr Kunden har tilknytt og som

    Sognenett reknar som nødvendig for å kunne oppfylle sine forpliktingar ovanfor Kunden og ovanfor Sognenett

    sine andre Kundar

  • Tvistar mellom Sognenett og Kunde skal ein forsøke å løyse minneleg. I andre tilfelle skal tvisten løysast etter norsk rett med Sogn og Fjordane tingrett som avtalt verneting.