Sognenett er best på fiberutbygging

  Jury og vinnarar   Frå v.: Jørn Slåtten (Molte/Fiberforeningen), Guttorm Haugan (NTE), Ole Petter Hatlevoll (Sognenett), Marit Wetterhus (Analysys Mason), Erling Aaronsveen (Eidsiva Brebånd). Foto: Molte AS

Jury og vinnarar

Frå v.: Jørn Slåtten (Molte/Fiberforeningen), Guttorm Haugan (NTE), Ole Petter Hatlevoll (Sognenett), Marit Wetterhus (Analysys Mason), Erling Aaronsveen (Eidsiva Brebånd). Foto: Molte AS

Vesle Sognenett er kåra til årets regionale fiberoperatør i Noreg. Prisen som «Årets regional carrier» vart delt ut til Sognenett under konferansen Carriers Forum i Oslo onsdag 4. mai. Det er særleg Sognenett sin innsats for å realisere fibermotorvegar mellom Vestlandet og Oslo som vert lagt merke til i bransjen.

Ei veke tidlegare stakk Sognenett av med Kundeserviceprisen i konkurranse med andre breibandselskap i Noreg. No er det på infrastruktur og utvikling Sognenett vert heidra for.

- Det er utruleg kjekt å visa at vi kan vera gode og nå heilt til topps i konkurranse med dei som er langt større enn oss, seier Ole Petter Hatlevoll, dagleg leiar i Sognenett. Saman med nettleiar John Geir Sperle vart han stolt og litt overraska då dei vart ropt opp på scena for å motta den presisjetunge prisen på vegner av Sognenett. Dei visste at dei hadde kome heilt til finalerunden, saman med NTE og Bredbåndsfylket Troms.

- Vi hadde vel ikkje heilt våga å tru at vi skulle nå heilt til topps. Konkurransen er knallhard og det er mange dyktige aktørar i bransjen, seier Hatlevoll.

I juryen si grunngjeving for kvifor Sognenett er best i Noreg heiter det mellom anna at verksemda har gjort eit fantastisk arbeid for fiber i sin region over ein periode. Negativt resultat er snudd til positivt resultat og selskapet veks no solid kvart år, med ei tydeleg og strukturert drift og satsing. Sjølv om dei er ein liten aktør frå ei lita bygd, har dei teke posisjonen som ein regional aktør andre ser og lyttar til.

Særleg Sognenett sitt arbeid med å etablera eigen infrastruktur frå Vestlandet til Oslo vekkjer oppsikt i bransjen. Sognenett har, saman med partnerar, fått på plass to separate fiberveger mellom Vestlandet og Oslo. I tillegg samarbeider Sognenett med Eidsiva Bredbånd om ein tredje etablert fibertrase, slik at ein disponerer tre ulike fibermotorvegar mellom aust og vest. Sognenett er stolt av  å bidra til eit meir robust nett for Vestlandet i framtida, noko som vil bli stadig viktigare. Raskt og sikkert internett er den viktigaste vara dei kan levera kundane sine.

Hatlevoll forklarar mykje av suksessen og veksten til selskapet med framsynte og offensive eigarar. Det er Sognekraft, Aurland Energiverk, Luster Energiverk og Lærdal Energi som eig Sognenett.

- Kompetansen dei bidreg med og bruken av traseane deira til fiberutbygginga vår har vore heilt avgjerande, seier Ole Petter Hatlevoll.