Hotellet som satsar lokalt

Dei satsar på råvarer frå lokale bønder, bryggjar sitt eige øl og reklamerer for gode opplevingar i Sogn. - Berekraft i praksis, seier Siri Dalehaug ved Skjolden Hotel. No ynskjer ho at fleire tenkjer akkurat slik.

Kvifor leggja bedriftssamlinga vekk frå regionen? Kvifor leggja leiarsamlinga til utlandet? Kvifor invitera til kurs og konferansar i Oslo, når du heller kan invitera hit? Siri Dalehaug er oppteken av at vi tenkjer berrekraft i praksis, ikkje berre nyttar det som eit fint og politisk korrekt ord i talar og helsingar.

Fantastisk utsikt over Lustrafjorden frå terassen på Skjolden Hotel.  Foto: Siri Dalehaug

Fantastisk utsikt over Lustrafjorden frå terassen på Skjolden Hotel.
Foto: Siri Dalehaug

-          Vi har hatt ein pangstart på sesongen 2019 etter at vi opna dørene i byrjinga av april. Her er det full fart for tida, seier Dalehaug. Mauritius, Canada, Noreg, Sverige og Danmark. Det er berre nokre av nasjonalitetane  som er registrert i gjesteboka for året så langt.

Hotelleigaren i botnen av verdas lengste fjord ser lyst på sesongen med tanke på bookingar. Dei satsar på den individuelle marknaden med vekt på gode opplevingar, både innomhus i form av god mat og drikke, og ute i form av natur og aktivitetar. Men ein ting saknar ho, og det er at vi som bur her i Sogn nyttar oss av dei lokale hotelltilboda, både ved Skjolden Hotel og andre hotell.

-          Her vil eg utfordra alle til å vera meir nedvitne og tenkja berekraft i praksis. Kvifor reisa langt vekk når ein skal ha større eller mindre samlingar i bedrifta? Kvifor reisa til utlandet når ein skal driva lagbygging eller ha leiarsamlingar, kurs og konferansar? Vi må bli mykje flinkare til å handla lokalt, også når det kjem til slike tenester vi tilbyr, seier Siri Dalehaug.

Kanskje dette er noko akkurat du skal leggja deg på minnet, og handla deretter neste gong du skal samla gode kollegar eller gode venner til lag? Det er slik me skapar berekraft, for det lokale næringslivet, og for vår eiga framtid. Dei eksklusive og gode opplevingane ligg i ditt eige nabolag, både dei du kan kjenna med smakssansen og dei du kan oppleva med kropp og sjel. Naturen kring Skjolden byr på både korte og lengre opplevingar, på fjorden eller langsmed flate eller bratte stiar. Det 48 rom store hotellet har møte- og konferanselokale for både små og større samlingar, dei byr på guida turar både til fots og på fjorden.

Forrige
Forrige

Sognenett skal levere fiber til telegiganten Telia

Neste
Neste

Finn verktøyet på internett