Finn verktøyet på internett

Mannsterke mekanikarar er klare til å reparera bilen din

MECA-verkstaden Leikanger Auto AS er heilt avhengige av at dei har rask og sikker tilgang til internett. – Ein bilverkstad i dag er langt meir enn skiftenøklar og tradisjonelt verktøy. I dag finn me mykje av verktøyet me treng på internett.

Det seier Steinar Eggum, dagleg leiar i Leikanger Auto. Tilslutta MECA-kjeda tek dei full service på alle bilmodellar, uansett merke. Det er her tilgangen til internett er heilt avgjerande, og då ein tilgang som er rask, effektiv og sikker.

-          Me stiller diagnosar og driv feilsøking opp mot merkeleverandørane og importørane sine databasar. Kvar einskild bilmotor og bilmodell er unik i så måte, og såleis er det snakk om store datamengder som kvar dag skal lastast ned eller opp, fortel Steinar Eggum.

Det vart ei ny tidsrekning for verksemda då dei tok steget frå ADSL-oppkopling til superrask fiber frå Sognenett, som natt og dag.

-          Me er ein svært nøgd Sognenett-kunde, har ikkje noko å klaga på. Dei få gongene det har vore noko, har me fått hjelp med ein gong, fortel Eggum.

Leikanger Auto tel totalt sju medarbeidarar, inkludert ein lærling. Verksemda går godt og dei er aldri arbeidsledige, med faste kundar frå heimkommunen, Høyanger, Vik, Balestrand, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland. Leikanger Auto var tidleg ute med å handla inn el-syklar, slik at kundane kan låna ein slik medan bilen er på service.

Leikanger Auto er fantastisk plassert på Hanahaug i fruktbygda.

Leikanger Auto er fantastisk plassert på Hanahaug i fruktbygda.