byte av modem

Du har i dag eit av våre eldre modem som er av modellen
Tilgin HG-2301 eller Tilgin HG-2332.
Denne modellen skal bytast ut, og skal no vekk i frå våre system.

Nytt modem kan hentast på vårt kontor i Dalavegen 25, Sogndal (3.etg).

Våre opningstider:
Kvardagar mellom kl.08.00 - 16.00.


Kva skjer når du har henta nytt modem?

Når dette er henta, legg me det inn på di adresse slik at dette må koblast til din fiberboks innan dei neste 24 timane.
Den gamle modellen du har vil då i løpet av desse timane slutte å gi ut internettsignal.
Om du skulle vere usikker på om du rekk å byte dette innan gitt tidsrom, kan du gjerne ringe oss eller avtale tid for tilkobling ved henting.

Det nye modemet du har henta skal koblast opp på same måte som den du har i dag. Om du er usikker på koblingsmåte, kan du sjå her for korleis kablane skal vere på ditt nye utstyr.

Når bytet er gjennomført, kan det gamle modemet leverast i EL-avfall.

Skulle du ha nokon spørsmål kring bytet eller om du lurar på noko anna, kan du nå oss på telefon: 95192222 eller e-post: post@sognenett.no.