Faktura oktober - Telia kundar
Det har dessverre oppstått ein systemfeil ved faktureringa for oktober. Feilen gjeld kundar med Internett og Telia Play, der avslag for pakkepris (kr 188,-) ikkje er blitt trekt frå totalsummen.
Feilen vert retta slik at fakturaen for november vil innehalde korrekt avslag.
For kundar som manglar avslag i oktober, vil dette automatisk kome med på neste faktura.
I november vil du difor få registrert dobbelt avslag.
Me beklagar dei ulempene dette kan medføre.
Har du spørsmål, ta gjerne kontakt på post@sognenett.no