Nokre gonger er det tryggaste valet å velja lokalt.

  • Fiber Bedrift

    Når nettet er viktig for arbeidsdagen, er det godt å ha nokon i nærleiken. Me leverer fiber til bedrift med lokal support og rask hjelp når du treng det.

  • Administrert IT

    Når IT berre fungerer, får du meir tid til det som faktisk skaper verdi. Me tek hand om drift, oppfølging og support, så du slepp å gjere det sjølv.

  • Administrert nettverk

    Eit godt nettverk skal vere stabilt, sikkert og usynleg i kvardagen. Me sørgjer for at utstyr, dekning og oppsett fungerer slik det skal.

  • Rådgjevingstenester

    Gode val startar med rett innsikt. Me hjelper deg å finne løysingar som passar behova dine i dag, og veksten din i morgon.

Kvifor velge lokal fiber?

Lokal fiber gir deg fart, driftstryggleik og kapasitet til å møte digitale krav, både no og i framtida. Med ei stabil og framtidsretta løysing ligg alt til rette for ein meir effektiv arbeidsdag.

Kva er administert it?

Administrert IT handlar om meir enn berre drift og support. Det handlar om å skape ein enklare, tryggare og meir effektiv arbeidsdag. Kanskje vil du frigjere tid. Kanskje vil du redusere sårbarheit. Eller kanskje treng du ei løysing som berre fungerer, utan at du må bruke tid på detaljane. Uansett behov kan rett IT-løysing gjere ein stor skilnad for korleis bedrifta di jobbar og utviklar seg.

Bedriftsløysingar

Utforsk raske og pålitelege løysingar med Sognenett – din lokale partnar i digital vekst.

Med Sognenett får du tilgang til ei verd av tilkoplingsmoglegheiter, skreddarsydd for å møte di verksemd sine unike behov. Frå små oppstartsbedrifter til større etablerte føretak kjenner me det lokale landskapet, og tilbyr teknologien, kompetansen og støtta du treng for å halde verksemda kopla på.

Me leverer meir enn internett. Hos oss får du ein lokal totalleverandør av fiber, IT-tenester, infrastruktur, skyløysingar og support samla på éin plass. Det gjer det enklare for deg som kunde, og sikrar ei meir saumlaus og effektiv oppfølging i kvardagen.

Vårt engasjement for personleg service og lokal ekspertise set oss i ein klasse for oss sjølve. La oss vere din støttespelar i det digitale landskapet. Ta kontakt i dag for ei skreddarsydd løysing som driv di verksemd framover, med tryggleiken av å ha Sognenett tett på.

Kapasitet i Sogn? Snakk med den lokale operatøren.

Sognenett eig og driftar det største fibernettet i Sogn, og er ein naturleg samarbeidspartnar for operatørar som treng linjer, kapasitet eller lokal leveranse i regionen.

Med sterk infrastruktur, lokal kunnskap og kort veg til teknisk kompetanse, kan me levere trygge og konkurransedyktige løysingar til både nasjonale operatørar og næringskundar med behov i Sogn.

Me kjenner nettet fordi me har bygd det. Difor kan me også levere med presisjon, kvalitet og god oppfølging frå start til slutt.

Kontakpersonar

Siste frå Bedriftsbloggen